bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Genesis 15
Genesis 15
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 16 →
1
Etter at dette hadde hendt, kom HERRENS ord til Abram i eit syn: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal bli stor!»
2
Men Abram svara: «Herre, min GUD, kva vil du gje meg? For barnlaus går eg bort, og Elieser frå Damaskus er arving til huset mitt.»
3
Og Abram sa: «Du har ikkje gjeve meg etterkomarar. Sjå, ein av husfolket mitt skal arva meg.»
4
Då kom HERRENS ord til han: «Han skal ikkje arva deg, men ein av ditt eige kjøt og blod skal arva deg.»
5
Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.»
6
Abram trudde HERREN, og det vart rekna han til rettferd.
7
Og han sa til han: «Eg er HERREN, som førte deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i arv.»
8
Abram sa: «Herre, min GUD, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?»
9
Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.»
10
Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to.
11
Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.
12
Då sola heldt på å gå ned, fall ein djup søvn over Abram. Og sjå, redsle og eit stort mørker fall over han.
13
Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år.
14
Men det folket dei må slava for, vil eg òg dømma, og sidan skal dei dra ut med stort bytte.
15
Sjølv skal du gå til fedrane dine i fred, i høg alder skal du bli gravlagd.
16
I det fjerde slektsleddet skal dei koma tilbake hit. For syndeskulda til amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»
17
Sola gjekk ned, og det vart mørkt. Og sjå, ein rykande omn kom til syne, og ein flammande fakkel fór mellom kjøtstykka.
18
Den dagen gjorde HERREN ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva heilt til Storelva, Eufrat,
19
landet til kenittane, kenisittane og kadmonittane,
20
hetittane, perisittane og refaittane,
21
amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.»
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50