bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Genesis 35
Genesis 35
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 34
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 36 →
1
Gud sa til Jakob: «Bryt opp, dra til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, han som synte seg for deg då du rømde frå Esau, bror din.»
2
Då sa Jakob til sitt hus og til alle dei som var med han: «Få bort dei framande gudane som finst hos dykk, reins dykk og skift klede!
3
Vi skal bryta opp og dra til Betel! Der vil eg byggja eit altar for Gud, han som svara meg den dagen eg var i naud, og som var med meg på vegen.»
4
Då gav dei Jakob alle dei framande gudane dei hadde hos seg, og ringane som dei hadde i øyra, og Jakob gøymde alt under eika som står ved Sikem.
5
Då dei braut opp, kom ei redsle frå Gud over byane der omkring, så ingen sette etter sønene til Jakob.
6
Jakob kom til Lus i Kanaan, det er Betel, han og alt folket som var med han.
7
Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel, for der hadde Gud openberra seg for han då han rømde frå bror sin.
8
Debora, amma til Rebekka, døydde og vart gravlagd nedanfor Betel, under eika; den kalla dei Gråteeika.
9
Etter at Jakob var komen heim frå Paddan-Aram, synte Gud seg på nytt for han og velsigna han.
10
Gud sa til han: «Namnet ditt er Jakob. Men no skal du ikkje lenger heita Jakob; Israel skal vera namnet ditt.» Slik fekk han namnet Israel.
11
Så sa Gud til han: «Eg er Gud, Den veldige. Ver fruktbar og bli talrik! Eit folk, ja, mange folkeslag skal stamma frå deg, det skal vera kongar mellom etterkomarane dine.
12
Det landet eg gav til Abraham og Isak, gjev eg deg. Til di ætt etter deg gjev eg landet.»
13
Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han.
14
Jakob reiste ei støtte på denne staden, ei støtte av stein. Han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han.
15
Og Jakob kalla staden der Gud hadde tala med han, Betel.
16
Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fødde Rakel eit barn. Det var ein hard fødsel.
17
Medan ho låg i harde fødselsrier, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! For også denne gongen får du ein son.»
18
Ho var i ferd med å døy, og idet livet ebba ut, gav ho han namnet Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin.
19
Rakel døydde og vart gravlagd ved vegen til Efrat, det er Betlehem.
20
Og Jakob reiste ei steinstøtte på grava hennar. Det er gravsteinen til Rakel, som står der den dag i dag.
21
Så drog Israel vidare og slo opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder.
22
Medan Israel budde der i landet, gjekk Ruben av stad og låg med Bilha, følgjekona til far sin. Og Israel fekk vita det. Jakob hadde tolv søner.
23
Sønene til Lea var Ruben, den førstefødde sonen til Jakob, Simon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon.
24
Sønene til Rakel var Josef og Benjamin.
25
Sønene til Bilha, slavekvinna til Rakel, var Dan og Naftali.
26
Og sønene til Silpa, slavekvinna til Lea, var Gad og Asjer. Dette var dei sønene Jakob fekk i Paddan-Aram.
27
Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, det er Hebron, der Abraham og Isak hadde halde til.
28
Isak levde i 180 år.
29
Så anda Isak ut og døydde. Han vart sameina med folket sitt, gammal og mett av dagar. Sønene hans, Esau og Jakob, gravla han.
← Chapter 34
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 36 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50