bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Genesis 20
Genesis 20
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 21 →
1
Abraham drog vidare derifrå til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan budde han som innflyttar i Gerar.
2
Abraham sa om kona si, Sara: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, bod og henta Sara.
3
Men Gud kom til Abimelek i ein draum om natta og sa til han: «No skal du døy på grunn av kvinna du har teke, for ho er kona til ein annan mann.»
4
Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne, og han svara: «Herre, vil du verkeleg drepa rettferdige folk?
5
Han sa då til meg: Ho er syster mi. Og sjølv har ho òg sagt: Han er bror min. I god tru og med reine hender har eg gjort dette.»
6
Då sa Gud til han i draumen: «Eg òg veit at du har gjort dette i god tru. Det er eg som har halde deg frå å synda mot meg. Difor lét eg deg ikkje røra henne.
7
Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Han kan be for deg, så du får leva. Men gjer du det ikkje, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»
8
Tidleg neste morgon stod Abimelek opp og kalla til seg alle tenarane sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene svært redde.
9
Så kalla Abimelek Abraham til seg og sa til han: «Kva har du gjort mot oss? Og korleis har eg synda mot deg, sidan du har late så stor ei synd koma over meg og riket mitt? Du har gjort slik mot meg som ingen bør gjera.»
10
Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?»
11
Abraham svara: «Eg tenkte: På denne staden finst det inga gudsfrykt. Dei kjem til å drepa meg på grunn av kona mi.
12
Dessutan er det sant at ho er syster mi. Ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi, og ho vart kona mi.
13
Den gongen Gud lét meg dra omkring langt borte frå huset til far min, sa eg til henne: Slik skal du visa din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»
14
Så tok Abimelek både småfe og storfe og tenarar og tenestekvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si.
15
Og Abimelek sa: «Her ligg landet mitt ope framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!»
16
Til Sara sa han: «Sjå, her gjev eg tusen sjekel sølv til bror din. Dette skal vera som eit slør for auga til alle som er saman med deg. Med det får du full oppreising.»
17
Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og slavekvinnene hans, så dei kunne få barn.
18
For HERREN hadde stengt kvart morsliv i huset til Abimelek på grunn av Sara, kona til Abraham.
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 21 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50