bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Genesis 50
Genesis 50
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 49
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
1
Då kasta Josef seg gråtande ned over far sin og kyste han.
2
Og Josef baud at legane han hadde i si teneste, skulle balsamera faren; og legane balsamerte Israel.
3
Det tok førti dagar, for så lang tid tek ei balsamering. Og egyptarane gret over han i sytti dagar.
4
Då sørgjetida var over, sa Josef til dei som tente ved hoffet til farao: «Om de har velvilje for meg, så sei til farao:
5
Far min tok meg i eid og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg kjøpte meg i Kanaan. Lat meg difor få dra opp og gravleggja far min og så koma tilbake!»
6
Farao sa: «Dra berre opp og gravlegg far din, slik han lét deg sverja.»
7
Så drog Josef opp for å gravleggja far sin. Alle tenarane til farao, dei eldste i faraos hus og dei eldste i landet drog opp saman med Josef.
8
Heile Josefs hus, brørne og farshuset hans var òg med. Berre dei små borna, småfeet og storfeet lét dei vera att i Gosen.
9
Han hadde òg med seg vogner og ryttarar, så det vart eit stort følgje.
10
Dei kom til Goren-Haatad, som ligg på den andre sida av Jordan, og heldt der ei stor og verdig sørgjehøgtid. Josef sørgde over far sin i sju dagar.
11
Kanaanearane som budde i landet, såg sørgjehøgtida i Goren-Haatad og sa: «Det er ei verdig sørgjehøgtid egyptarane held.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på den andre sida av Jordan.
12
Sønene gjorde med Jakob som han hadde bode dei.
13
Dei førte han til Kanaan og gravla han i hòla på Makpela-marka, austafor Mamre, det jordstykket Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad.
14
Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle som hadde drege opp med han for å gravleggja Jakob.
15
Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei: «Berre no ikkje Josef legg oss for hat og gjev oss att for alt det vonde vi har gjort mot han!»
16
Så sende dei bod til Josef og sa: «Før han døydde, baud far din
17
at vi skulle seia dette til deg: Kjære, tilgjev brørne dine den uretten dei gjorde då dei synda og handla vondt mot deg. Tilgjev no uretten som er gjord av oss som tener din fars Gud.» Josef gret då dei tala slik til han.
18
Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han og sa: «Sjå, vi er dine tenarar.»
19
Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?
20
De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag.
21
Så ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala til hjartet deira.
22
Josef vart buande i Egypt, både han og farshuset hans. Han vart 110 år gammal.
23
Josef fekk sjå borna til Efraim i tredje ledd. Og borna til Makir, son til Manasse, vart fødde på knea til Josef.
24
Josef sa til brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud skal sjå til dykk og føra dykk opp frå dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jakob.»
25
Og Josef tok Israels-sønene i eid og sa: «Når Gud ser til dykk, då skal de føra knoklane mine med herifrå.»
26
Så døydde Josef, 110 år gammal. Dei balsamerte han, og han vart lagd i ei kiste i Egypt.
← Chapter 49
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50