bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Genesis 16
Genesis 16
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 15
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 17 →
1
Kona til Abram, Sarai, fødde han ingen born. Men ho hadde ei egyptisk slavekvinne som heitte Hagar.
2
Sarai sa til Abram: «Høyr på meg: HERREN har hindra meg i å føda born. Gå no inn til slavekvinna mi! Kanskje får eg ein son ved henne.» Og Abram høyrde på det Sarai sa.
3
Kona til Abram, Sarai, tok då den egyptiske slavekvinna si, Hagar, og gav henne til kone for Abram, mannen sin. Abram hadde då budd ti år i landet Kanaan.
4
Han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på husfrua si.
5
Då sa Sarai til Abram: «Det er di skuld at eg blir krenkt! Eg gav slavekvinna mi i din famn, men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på meg. HERREN skal dømma mellom meg og deg!»
6
Abram sa til Sarai: «Sjå, slavekvinna er i di hand. Gjer kva du vil med henne.» Og Sarai audmjuka henne, så ho rømde frå henne.
7
HERRENS engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur.
8
Han sa: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg rømmer frå Sarai, husfrua mi.»
9
Og HERRENS engel sa til henne: «Vend attende til husfrua di og lat deg audmjuka under hennar hand!»
10
HERRENS engel sa: «Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.»
11
Så sa HERRENS engel til henne: «Sjå, du er med barn og skal føda ein son. Han skal du kalla Ismael, for HERREN har høyrt at du vart audmjuka.
12
Han skal bli eit villesel av eit menneske. Handa hans skal vera vend mot alle og alle hender mot han. Rett imot alle slektningane sine skal han slå seg ned.»
13
Då sette ho dette namnet på HERREN som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg?»
14
Difor blir brønnen kalla Lahai-Ro'i-brønnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.
15
Så fødde Hagar ein son til Abram. Og Abram gav sonen som Hagar fødde, namnet Ismael.
16
Abram var 86 år gammal då Hagar fødde Ismael til han.
← Chapter 15
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 17 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50