bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Genesis 6
Genesis 6
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 7 →
1
No tok menneska til å bli mange på jorda, og dei hadde fått døtrer.
2
Då såg gudesønene at menneskedøtrene var vakre, og dei tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.
3
HERREN sa: «Min ande skal ikkje for alltid bli verande i menneska, for dei er av kjøt og blod. Levetida deira skal vera 120 år.»
4
Det var kjemper på jorda i dei dagane, og sidan òg. For gudesønene gjekk inn til menneskedøtrene, som fødde dei born. Dette er dei mektige frå eldgammal tid, dei namngjetne.
5
HERREN såg at vondskapen til menneska var stor på jorda, for alt dei ville og planla i hjartet, var vondt, dagen lang.
6
Då angra HERREN at han hadde laga menneske på jorda, og han var full av sorg i hjartet.
7
Og HERREN sa: «Eg vil utrydda menneska som eg har skapt, frå jorda, alt frå menneska til feet, krypdyra og fuglane under himmelen. For eg angrar at eg har laga dei.»
8
Men Noah fann nåde for HERRENS auge.
9
Dette er slektshistoria til Noah. Noah var ein rettferdig mann, ein heiderleg mann i si tid. Noah vandra med Gud.
10
Han fekk tre søner: Sem, Ham og Jafet.
11
Men jorda vart forderva for Guds andlet. Ho vart full av vald.
12
Gud såg på jorda, og sjå, ho hadde vorte forderva, for alt det som menneska hadde gjort på jorda, førte til øydelegging.
13
Då sa Gud til Noah: «Eg vil gjera ende på alt kjøt og blod. For jorda har vorte full av vald på grunn av dei, og sjå, eg vil øydeleggja dei saman med jorda.
14
Lag deg ei ark av gofertre. Du skal laga fleire små rom i arka og tjørebre henne innvendig og utvendig.
15
Slik skal du byggja arka: Ho skal vera 300 alner lang, 50 alner brei og 30 alner høg.
16
Du skal laga ei opning for dagslyset og avslutta opninga ei alen frå toppen av arka. Du skal setja døra til arka på den eine sida og så laga eit nedre, eit andre og eit tredje dekk.
17
No vil eg la storflaumen koma over jorda og utrydda alt kjøt og blod, alt som det er livsande i under himmelen. Alt som er på jorda, skal omkoma.
18
Men med deg vil eg oppretta ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og svigerdøtrene med deg.
19
Av alt levande, alt kjøt og blod, skal du føra to av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal dei vera.
20
Av alle slag fuglar og alt slag fe og alle slag kryp på marka skal to av kvart slag koma inn til deg, så dei kan berga livet.
21
Du skal ta noko av alt som er etande, og samla det hos deg. Det skal du og dei andre ha å eta.»
22
Og Noah gjorde dette. Han gjorde alt det som Gud hadde pålagt han.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50