bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Genesis 11
Genesis 11
Norwegian 1938
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 12 →
1
Og heile verdi hadde eitt tungemål og same ordi.
2
Og då dei for austigjenom, fann dei ei slette i Sinearlandet, og der slo dei seg ned.
3
Og dei sa seg imillom: Kom, lat oss gjera tigl og brenna det vel! Og so bruka dei tiglet til murstein, og i staden for kalk bruka dei jordbek.
4
So sa dei: Kom, lat oss byggja oss ein by med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde ut yver all jordi!
5
Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde.
6
Og Herren sa: Sjå, dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål; dette er det fyrste dei tek seg fyre, og no vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei so finn på å gjera.
7
Lat oss stiga ned der og vildra tungemålet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer.
8
So spreidde Herren dei derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp med å byggja på byen.
9
Difor kalla dei han Babel; for der vildra Herren tungemålet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren dei ut yver all jordi.
10
Dette er soga um Sems-ætti: Då Sem var hundrad år gamal, fekk han sonen Arpaksad, tvo år etter storflodi.
11
Og etter at Sem hadde fenge Arpaksad, levde han endå i fem hundrad år og fekk søner og døtter.
12
Då Arpaksad var fem og tretti år gamal, fekk han sonen Salah.
13
Og etter at Arpaksad hadde fenge Salah, levde han endå fire hundrad og tri år og fekk søner og døtter.
14
Då Salah var tretti år gamal, fekk han sonen Eber.
15
Og etter Salah hadde fenge Eber, levde han endå fire hundrad og tri år og fekk søner og døtter.
16
Då Eber var fire og tretti år gamal, fekk han sonen Peleg.
17
Og etter Eber hadde fenge Peleg, levde han endå fire hundrad og tretti år og fekk søner og døtter.
18
Då Peleg var tretti år gamal, fekk han sonen Re'u.
19
Og etter Peleg hadde fenge Re'u, levde han endå tvo hundrad og ni år og fekk søner og døtter.
20
Då Re'u var tvo og tretti år gamal, fekk han sonen Serug.
21
Og etter at Re'u hadde fenge Serug, levde han endå tvo hundrad og sju år og fekk søner og døtter.
22
Då Serug var tretti år gamal, fekk han sonen Nakor.
23
Og etter Serug hadde fenge Nakor, levde han endå tvo hundrad år og fekk søner og døtter.
24
Då Nakor var ni og tjuge år gamal, fekk han sonen Tarah.
25
Og etter Nakor hadde fenge Tarah, levde han endå hundrad og nittan år og fekk søner og døtter.
26
Då Tarah hadde fyllt sytti år, fekk han sønene Abram og Nakor og Haran.
27
Dette er soga um Tarah og ætti hans; Tarah fekk sønene Abram og Nakor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.
28
Og Haran døydde hjå Tarah, far sin, i fødesheimen sin, i Ur i Kaldea.
29
Og Abram og Nakor tok seg konor. Kona hans Abram heitte Sarai, og kona hans Nakor heitte Milka og var dotter åt Haran, far åt Milka og Jiska.
30
Men Sarai var barnlaus; ho hadde aldri ått barn.
31
Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Sarai, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldea og vilde fara til Kana'ansland. Og dei kom til Karan, og vart buande der.
32
Og dagane hans Tarah vart tvo hundrad og fem år. So døydde Tarah i Karan.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50