bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Genesis 7
Genesis 7
Norwegian 1938
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 8 →
1
So sa Herren til Noah: Gakk inn i arki, du og heile ditt hus! For deg hev eg røynt for ein rettvis mann i denne ætti.
2
Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, han og ho, og av dei dyri som ikkje er reine, eitt par, han og ho;
3
like eins av fuglane i lufti sju par, han og ho, so elde kann haldast i live utyver all jordi.
4
For um sju dagar vil eg lata det regna på jordi i fyrti jamdøger, og rydja ut av verdi kvart liv eg hev skapt.
5
Og Noah gjorde i alle måtar so som Herren sa han fyre.
6
Noah var seks hundrad år gamal då storflodi kom med vatn yver jordi.
7
Då gjekk Noah og sønene hans og kona hans og konone åt sønene hans med han inn i arki og berga seg for flaumen.
8
Og av dei reine dyri og av dei dyri som ikkje er reine, og av fuglane og av alt det som krelar på marki,
9
kom par og par, han og ho, inn i arki til Noah, so som Gud hadde sagt Noah fyre.
10
Då no dei sju dagane var lidne, kom vatnet fløymande yver jordi.
11
Den syttande dagen i den andre månaden i det året då Noah var seks hundrad år gamal, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmel-lukone let seg upp.
12
Og regnet fossa ned på jordi i fyrti dagar og fyrti næter.
13
Denne same dagen gjekk Noah og Sem og Kam og Jafet, sønene hans Noah, og kona hans Noah og dei tri sonekonone hans med dei inn i arki,
14
dei og alle villdyr, kvart etter sitt slag, og alt bufe, kvart etter sitt slag, og alt krek som krelar på jordi, kvart etter sitt slag, og alle fuglar, kvar etter sitt slag: alt som flyg, alt som hev venger.
15
Og dei kom inn i arki til Noah, tvo og tvo av alt kjøt som det var livsande i.
16
Og dei som kom inn, var han og ho av alt kjøt, so som Gud hadde sagt han fyre. Og Herren let att etter han.
17
So kom flodi veltande yver jordi i fyrti dagar, og vatnet auka og lyfte arki, so ho flaut upp ifrå jordi.
18
Og vatnet voks og auka uhorveleg utyver jordi, og arki dreiv burtyver vatnet.
19
Og vatnet steig høgre og høgre yver jordi, so alle dei høge fjelli under heile himmelen vart gøymde.
20
Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde.
21
Då døydde alt kjøt som røyvde seg på jordi, både fuglar og bufe og villdyr og alt det som urde og krydde på jordi, og alt folket.
22
Alt som hadde livsandedrag i si nos, alt som var på det turre landet, døydde.
23
So rudde han ut kvart liv som på jordi fanst, både folk og fe og krek og fuglane i lufti. Dei vart utrudde av verdi, og att vart berre Noah og det som var med han i arki.
24
Og vatnet flødde yver jordi i hundrad og femti dagar.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50