bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Genesis 22
Genesis 22
Norwegian 1938
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 23 →
1
Ei tid etter at dette hadde gjenge fyre seg, hende det at Gud vilde røyna Abraham. Og han sa til han: Abraham! Og Abraham svara: Ja, her er eg.
2
Då sa han: Tak no son din, din einberningsson, han som du held so av, Isak, og far til Morialand; der skal du gjera eit brennoffer og ofra han på eit av fjelli, som eg skal segja deg.
3
Morgonen etter reis Abraham tidleg upp og kløvja asnet sitt og tok med seg tvo av drengene sine og Isak, son sin. Og då han hadde kløyvt ved til brennofferet, gav han seg på veg og gjekk til den staden som Gud hadde sagt.
4
Tridje dagen, då Abraham skoda kring seg, såg han staden han skulde til, langt burte.
5
Då sa Abraham til drengene sine: Ver no de her hjå asnet! Eg og sveinen vil ganga dit burt og beda; og so kjem me hit til dykk att.
6
So tok Abraham offerveden og la på Isak, son sin, og sjølv tok han elden og kniven i handi; og so gjekk dei tvo-eine.
7
Då sa Isak til Abraham, far sin: Du far! sa han. Og han svara: Ja, barnet mitt! Isak sa: Sjå, her er elden og veden, men kvar er lambet som me skal ofra?
8
Og Abraham svara: Gud ser seg nok sjølv ut eit offerlam, barnet mitt. Og so gjekk dei tvo-eine.
9
Då dei so kom til den staden som Gud hadde sagt, då bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. So batt han Isak, son sin, og la han på altaret ovanpå veden.
10
Og Abraham rette ut handi og tok kniven og vilde ofra son sin.
11
Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: Abraham, Abraham! Og han svara: Ja, her er eg.
12
Då sa han: Legg ikkje hand på sveinen og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du hev age for Gud, sidan du ikkje ein gong sparde din einberningsson for mi skuld.
13
Då Abraham skoda kring seg, fekk han auga på ein ver, som hekk fast etter horni i kjørri attanfor han. So gjekk Abraham dit og tok veren og ofra han i staden for son sin.
14
Og Abraham kalla den staden Herren ser. Difor segjer dei den dag i dag: På Herrens fjell skal han lata seg sjå.
15
Og Herrens engel ropa endå ein gong frå himmelen til Abraham
16
og sa: Ved meg sjølv sver eg, segjer Herren: For di du gjorde dette og ikkje ein gong sparde din einberningsson,
17
so skal eg storleg velsigna deg og auka ætti di endelaust, som stjernone på himmelen og sanden på havsens strand. Di ætt skal taka borgene frå sine fiendar,
18
og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast, for di du lydde etter ordi mine.
19
So gjekk Abraham attende til drengene sine, og dei tok på heimvegen og fylgdest åt til Be'erseba. Og Abraham vart buande i Be'erseba.
20
Ei tid etter at dette hadde hendt, kom det ein og sa til Abraham: Nakor, bror din, og Milka hev og fenge born:
21
Us, som er eldst, og Bus, bror hans, og Kemuel, far til Aram,
22
og Kesed og Haso og Pildas og Jidlaf og Betuel.
23
Betuel var far åt Rebekka. Desse åtte sønene fekk Nakor, bror åt Abraham, med Milka.
24
Og fylgjekona hans - ho heitte Re'uma - fekk og born; det var Tebah og Gaham og Tahas og Ma'aka.
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 23 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50