bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Genesis 38
Genesis 38
Norwegian 1938
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 39 →
1
I same tidi bar det so til at Juda for nedyver frå brørne sine og gav seg til hjå ein mann i Adullam som heitte Hira.
2
Der såg Juda dotter åt ein kana'anitisk mann som heitte Sua og han tok henne til kona og budde i hop med henne.
3
Og ho vart med barn og åtte ein son; honom kalla han Er.
4
So vart ho med barn ein gong til og åtte ein son; og ho kalla han Onan.
5
Sidan åtte ho endå ein son og kalla han Sela; då ho fekk han, var Juda i Kesib.
6
Og Juda feste ei kone åt Er, eldste son sin; ho heitte Tamar.
7
Men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og Herren laga det so at han døydde.
8
Då sa Juda til Onan: Tak brorkona din heim til deg og gift deg med henne, so du held uppe ætti åt bror din!
9
Men Onan visste at borni ikkje skulde vera hans. Og når han låg med enkja etter bror sin, let han det spillast på jordi, so han ikkje skulde gjeva broren sin avkjøme.
10
Og Herren tykte ille um det han gjorde, og laga det so at han og døydde.
11
Då sa Juda til Tamar, sonekona si: No lyt du sitja enkja i huset åt far din, til Sela, son min, er vaksen! For han tenkte: Elles kjem han og til å døy, som brørne hans. So for Tamar heim att og budde hjå far sin.
12
Då ei lang tid var lidi, døydde dotter åt Sua, kona hans Juda. Og då syrgjetidi var ute, gjekk Juda upp til Timna, til dei som klypte sauene hans, både han og venen hans, Hira frå Adullam.
13
Og Tamar fekk spurt det; for det kom ein og sa til henne: Sjå verfar din er på veg upp til Timna og vil klyppa sauene sine.
14
Då la ho av seg enkjebunaden sin og hadde på seg eit slør og sveipte det vel kring seg, so sette ho seg frammed ledet utfor Ena'im, på vegen til Timna. For ho såg at Sela var vaksen, og at ho ikkje fekk han.
15
Då Juda såg henne, tenkte han det var ei skjøkje, av di ho heldt sløret attfor andletet.
16
So tok han av vegen og gjekk innåt henne og sa: Kom, lat meg få liggja med deg! For han visste ikkje at det var sonekona hans. Då ho sa: Kva gjev du meg, dersom du fær liggja med meg?
17
Han svara: Eg skal senda deg eit kje av buskapen min. Då sa ho: So gjev meg so noko i vissa då, til du sender meg det.
18
Han sa: Kva vissa skal eg gjeva deg? Ho svara: Seglringen din og lekkja di og staven som du hev i handi. Det gav han henne, og so fekk han liggja med henne, og ho vart fremmeleg med han.
19
Og ho stod upp og gjekk sin veg og la av seg sløret og hadde på seg enkjebunaden sin.
20
Juda sende kjeet med venen sin, han frå Adullam, og bad han få att vissa av kvinna; men han fann henne ikkje.
21
Og han spurde folki i grendi hennar og sa: Kvar er skjøkja, ho i Ena'im, frammed vegen? Men dei svara: Det hev ikkje vore nokor skjøkje her.
22
So kom han attende til Juda og sa: Eg fann henne ikkje, og folki der i grendi sa endå det: Det hev ikkje vore nokor skjøkje her.
23
Då sa Juda: Lat henne hava det, so me ikkje fær skam av dette! Kjeet veit du no eg hev sendt, men du fann henne ikkje.
24
So var det på lag tri månader etter, då kom dei og sa til Juda: Tamar, sonekona di, hev lagt seg burt, so ho jamvel hev vorte med barn. Då sa Juda: Leid henne ut! Ho skal brennast!
25
Då dei leide henne ut, sende ho bod til verfar sin og sa: Det er med den mannen som eig dette, at eg hev vorte med barn. Du skulde vel ikkje vita kven som eig denne seglringen og lekkjone og staven? sa ho.
26
Og Juda kjendest med det og sa: Ho er i sin gode rett imot meg, for eg let henne ikkje få Sela, son min. Og han låg ikkje med henne meir.
27
Då det so leid til at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
28
Og i det same ho fødde, rette den eine handi fram. Då tok jordmori og batt ein raud tråd kring handi hans og sa: Denne kom fyrst.
29
Men so drog han handi attende, og då kom bror hans fram. Då sa ho: Korleis er det du bryt deg fram! Og dei kalla han Peres.
30
So kom bror hans, han som hadde den raude tråden kring handi. Honom kalla dei Serah.
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 39 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50