bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Genesis 2
Genesis 2
Norwegian 1938
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 3 →
1
So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her.
2
Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde den sjuande dagen etter alt verket han hadde gjort.
3
Og Gud velsigna den sjuande dagen og gjorde han heilag; for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde då han skapte.
4
Dette er soga um himmelen og jordi, då dei vart skapte, den tid Herren Gud gjorde jord og himmel:
5
Det fanst endå ikkje ei grøn buska på jordi, og endå hadde ikkje eit grasstrå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jordi, og der var ingen mann til å dyrka marki.
6
Då steig det upp eim or jordi og dogga all marki.
7
Og Herren Gud skapte mannen av mold or marki og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk sjel og liv.
8
Og Herren Gud gjorde ein hage i Eden, langt aust, og der sette han mannen som han hadde skapt.
9
Og Herren Gud let alle slag tre veksa upp av jordi, gilde å sjå til og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev vit på godt og vondt.
10
Og det gjekk ei elv ut ifrå Eden. Ho vatna hagen, og sidan kløyvde ho seg i fire greiner.
11
Den fyrste heiter Pison. Det er den som renn kringum heile Havilalandet, der som det er gull.
12
Og gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bdellium og onykssteinen.
13
Og den andre elvi heiter Gihon; det er den som renn kringum heile Kuslandet.
14
Og den tridje elvi heiter Hiddekel; det er den som gjeng austanfor Assur. Og den fjorde elvi det er Frat.
15
Og Herren Gud tok mannen og sette han i Eden til å dyrka og varna hagen.
16
Og Herren Gud sa mannen fyre og baud: Du må gjerne eta av alle trei i hagen.
17
Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.
18
Og Herren Gud sa: Det er ikkje godt at mannen er einsleg. Eg vil gjeva han ei hjelp som høver for han.
19
Og Herren Gud hadde teke av jordi og skapt alle dyri på marki og alle fuglane i lufti, og han leidde dei fram til mannen og vilde sjå kva han kalla dei; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita.
20
Og mannen gav alt bufeet namn, og fuglane i lufti og alle villdyri, men for ein mann fann han ingi hjelp som var høveleg.
21
Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen, og medan han sov, tok han eit av sidebeini hans og fyllte att med kjøt.
22
Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til han.
23
Då sa mannen: Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar.
24
Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal vera eitt kjøt.
25
Og dei var nakne, både Adam og kona hans, og dei blygdest ikkje.
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 3 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50