bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Genesis 40
Genesis 40
Norwegian 1938
← Chapter 39
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 41 →
1
Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland forsåg seg mot herren sin, kongen i Egyptarland.
2
Og Farao vart harm på båe hirdmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren,
3
og sette dei faste hjå hovdingen yver livvakti, i tårnet der Josef sat fanga.
4
Og hovdingen yver livvakti sette Josef til å sjå til dei, og han gjekk dei til handa. Og dei vart sitjande ei tid i fangehuset.
5
Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei tvo, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland, dei som sat fanga i tårnet; i ei og same natti hadde dei kvar sin draum, og draumane deira hadde kvar si meining.
6
Og Josef kom inn til dei um morgonen, såg han det på dei at dei var i ulag.
7
Då tala han til hirdmennene åt Farao, dei som sat fengsla med han hjå husbonden hans, og spurde: Kvi er de so sturne av dykk i dag?
8
Dei svara: Me hev drøymt, og det er ingen som kann tyda draumane våre. Då sa Josef til dei: Er det ikkje Gud som råder for uttydingi? Seg de meg kva de hev drøymt!
9
So fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin og sa til han: Eg tykte so skilleg det stod eit vintre framfyre meg,
10
og på det vintreet var det tri greiner. Og det syntest skjota knuppar, blomane spratt, krasane mogna til druvor.
11
Og staupet åt Farao held eg i handi, eg druvone tok eg og kreista utor dei upp i staupet åt Farao, og so rette eg staupet til Farao.
12
Og Josef sa til han: Dette er so å tyda: Dei tri greinene, det er tri dagar.
13
Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og setja deg inn att i romet ditt, og du skal retta staupet til Farao, som du fyrr var van med å gjera, den tid du var skjenkjaren hans.
14
Men koma no i hug meg, når du hev fenge det godt! Kjære vene, gjer vel og tal um meg til Farao, so eg kann koma ut or dette huset!
15
For eg er stolen frå Hebrearlandet, og her hev eg ikkje gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for.
16
Då bakarmeisteren såg at han hadde gjeve so god ei uttyding, sa han til Josef: Eg tykte so skilleg eg bar tri korger med kveitebrød uppå hovudet.
17
Og i den øvste korgi var allslags kakor, som var baka åt Farao, og fuglane åt dei upp utor korgi på hovudet mitt.
18
Og Josef tok til ords og sa: Dette er so å tyda: Dei tri korgene, det er tri dagar.
19
Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og hogge det av deg; so skal han hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av deg.
20
So hende det den tridje dagen - det var årmålsdagen åt Farao - då gjorde han eit gjestebod for alle mennene sine; og han rette upp hovudet åt skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine.
21
Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embetet hans, so han fekk retta staupet til Farao,
22
og bakarmeisteren hengde han, so som Josef hadde spått dei.
23
Men skjenkjarmeisteren kom ikkje i hug Josef; han gløymde han.
← Chapter 39
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 41 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50