bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Genesis 4
Genesis 4
Norwegian 1938
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 5 →
1
Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og åtte Kain. Då sa ho: Ein mann hev eg fenge av Herren!
2
Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain vart jorddyrkar.
3
Og det hende då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.
4
Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans,
5
men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg.
6
Og Herren sa til Kain: Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg?
7
Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo. Men hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.
8
Og Kain tala med Abel, bror sin. Og det gjekk so til medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo han i hel.
9
Då sa Herren til Kain: Kvar er Abel, bror din? Og han svara: Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?
10
Då sa han: Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi!
11
Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand.
12
Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.
13
Då sa Kain til Herren: Skuldi mi er større enn at eg kann bera.
14
Sjå, du hev i dag drive meg ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.
15
Då sa Herren til han: Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger. Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå han i hel, kven som fann han.
16
So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden.
17
Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by og kalla byen Hanok etter son sin.
18
Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek.
19
Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.
20
Og Ada åtte sonen Jabal. Frå han er dei ætta dei som bur i tjeldbuer og held buskap.
21
Og bror hans heitte Jubal. Frå han er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta.
22
Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av kopar og av jarn. Og syster åt Tubalkain heitte Na'ama.
23
Og Lamek sa til konone sine: Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår og ein svein for kvar skråma eg fær.
24
For Kain skal hemnast sju gonger, men Lamek sju og sytti gonger.
25
Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son og kalla han Set. For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel, sa ho, for di Kain slo han i hel.
26
Og Set fekk og ein son og kalla han Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50