bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Job 12
Job 12
Norwegian 1938
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 13 →
1
Då tok Job til ords og sa:
2
Ja visst, de er dei rette folk, og visdomen døyr ut med dykk.
3
Eg og hev vit, plent liksom de, eg taper ikkje der mot dykk; kven veit då ikkje slikt som dette?
4
Til spott for mine vener er eg, eg som fekk svar frå Gud på bøneropet, til spott er eg, den rettvise og reine.
5
Ulukka er vanvyrdnad verd - slik tenkjer dei som trygge er; vanvyrdnad ventar alle som er ustøde på foten.
6
Tjeldi åt valdsmenn stend i ro, trygge er dei som harmar Gud, dei som hev Gud i handi si.
7
Men spør du dyri, dei skal læra deg, og fuglane i lufti, dei gjer grein,
8
eller tala til jordi, ho skal læra deg, og fiskane i havet skal fortelja.
9
Kven skynar ikkje på alt dette, at det er Herrens hand som skapte det?
10
For i hans hand er sjeli i kvart liv og åndi i kvar mannelekam.
11
Er det 'kje so at øyra prøver ord, som gomen kjenner korleis maten smakar?
12
Hjå folk med gråe hår er visdom, og vit fær dei som lever lenge.
13
Visdom og velde er hjå han, og råd og vit høyrer han til.
14
Det han riv ned, vert aldri uppatt-bygt; stengjer han for ein mann, kann ingen lata upp.
15
Han stemmer vatnet, so det turkast burt, han slepper det - då øydelegg det jordi.
16
Hjå han er både kraft og visdom; vegvill og vill-leidar er båe i hans vald.
17
Rådsherrar fører han som fangar, og domarar gjer han til dårar.
18
Han løyser tvangsband kongar knytte, legg reip um livet på dei sjølve.
19
Han fører prestar burt som fangar, mektige menner støyter han ned.
20
Frå røynde menner tek han mælet, og klokskapen frå gamle folk.
21
Vanvyrdnad øys han yver fyrstar og løyser beltet på dei sterke.
22
Han dreg det dulde fram or myrkret og fører daudeskugge fram i ljoset.
23
Han aukar folki, og han let dei øydast; han gjer det romt for dei, men flyt dei sidan burt.
24
Frå landsens hovdingar tek han forstandet og let dei villa i ei veglaus heid;
25
dei fumlar kring i myrkret utan ljos, han let dei raga liksom drukne folk.
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42