bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Job 3
Job 3
Norwegian 1938
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 4 →
1
Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin.
2
Job tok til ords og sa:
3
Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: Ein svein er avla!
4
Må den dagen verta til myrker! Må Gud i det høge aldri spyrja etter han, og inkje ljos skina yver han!
5
Gjev myrker og daudeskugge må krevja han att, gjev skyer må lægra seg yver han, gjev alt som kann myrkja ein dag, må skræma han!
6
Den natti - myrkret gløype henne! Ho glede seg ikkje millom årsens dagar, ho kome ikkje med i månadstalet!
7
Ja, må den natti verta aud og aldri høyra fagnad klinga!
8
Må dei som bannar dagar, banna henne, dei som hev lært å mana fram Leviatan!
9
Lat hennar morgonstjernor myrkjast, og fåfengt vente ho på ljoset! Å, gjev ho aldri måtte skoda augneloki åt morgonroden -
10
av di ho ikkje stengde morslivsdøri og let all møda vera løynd for augo mine.
11
Kvi fekk eg ikkje døy i morslivet? Kvi slokna eg 'kje straks i fødestundi?
12
Kvi fanst det kne som tok imot meg, og brjost eg kunde suga ved?
13
So låg eg still og kvilde no, eg sov og hadde ro og fred -
14
hjå kongar og hjå heimsens herrar, som bygde upp ruinar åt seg,
15
hjå hovdingar som åtte gull, som fyllte sine hus med sylv;
16
eller og so var eg ikkje til, liksom eit gravlagt, ufullbore foster, lik born som aldri fekk sjå ljoset.
17
Der rasar ikkje dei gudlause meir, der kviler dei som trøytte er.
18
Og der hev alle fangar ro, dei høyrer ingi drivar-røyst.
19
Liten og stor er like der, trælen er fri for herren sin.
20
Kvi gjev han ljos til den som lid, og liv til dei som syrgjer sårt,
21
som fåfengt stundar etter dauden og leitar etter han meir trutt enn etter løynde skattar,
22
som gled seg, ja, som jublar høgt og fegnast når dei finn ei grav -
23
til den som ikkje finn sin veg, som Gud hev stengt for rundt ikring?
24
For mine sukkar hev eg no til dagleg brød, og klageropi mine strøymer liksom vatnet.
25
For alt eg fæler for, det råmar meg, og det eg gruvar for, det hender meg.
26
Fred hev eg ikkje, ingi ro og ingi kvild - ny uro kjem det stødt.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42