bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Job 42
Job 42
Norwegian 1938
← Chapter 41
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
1
Då svara Job Herren og sa:
2
Eg veit at allting maktast du; for deg er ingen plan umogleg.
3
Kven er vel han som gjer di rådgjerd myrk i fåvit? Difor: Um det eg ikkje hadde vit på, tala eg, um det som var for underfullt for meg, og som eg ikkje skyna.
4
Men høyr no du, so vil eg tala! So vil eg spyrja deg og du skal læra meg.
5
Eg hadde berre høyrt ei fråsegn um deg; no hev mitt auga fenge sjå deg.
6
Alt tek eg difor i meg att og tregar djupt i mold og oska.
7
Då no Herren hadde tala desse ordi til Job, sa han til Elifas frå Teman: Harmen min hev loga upp mot deg og dei tvo venene dine; for de hev ikkje tala rett um meg, soleis som Job, tenaren min.
8
Tak difor sju uksar og sju verar og gakk til Job, tenaren min, og ofra dei til brennoffer for dykk! Og Job, tenaren min, skal beda for dykk; berre hans bøner vil eg høyra, so eg ikkje gjer med dykk som de hev fortent, uvituge som de er; for de hev ikkje tala rett um meg, soleis som Job, tenaren min.
9
So gjekk Elifas frå Teman og Bildad frå Suah og Sofar frå Na'ama og gjorde so som Herren hadde sagt til dei; og Herren høyrde Jobs bøn.
10
Då no Job bad for venene sine, gjorde Herren ende på ulukka hans; og alt det Job hadde ått, gav Herren han tvifald att.
11
Og alle brørne hans kom til han, og like eins alle systerne hans og alle kjenningane han fyrr hadde havt, og dei åt med han i huset hans og synte han medynk og trøysta han for all ulukka som Herren hadde late koma yver han; og kvar av dei gav honom ein kesite og ein gullring.
12
Og Herren velsigna den siste levetidi åt Job meir enn den fyrste; han fekk fjortan tusund sauer og seks tusund kamelar og tusund par uksar og tusund asnor.
13
Og han fekk sju søner og tri døtter.
14
Den eine dotteri kalla han Jemima, den andre Kesia og den tridje Keren-Happuk.
15
Det fanst ikkje so vene kvinnor i heile landet som døtterne åt Job; og far deira let dei erva til liks med brørne deira.
16
Sidan levde Job hundrad og fyrti år og fekk sjå sine born og barneborn i fjorde leden.
17
Og Job døydde, gamal og mett av dagar.
← Chapter 41
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42