bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Job 36
Job 36
Norwegian 1938
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 37 →
1
Og Elihu heldt fram og sa:
2
Vent litt, so eg fær sagt deg kva eg meiner! For endå hev eg ord til å forsvara Gud med.
3
Min kunnskap vil eg henta langan leid og syna greidt at skaparen hev rett.
4
For mine ord er ikkje falske, det er visst; fullkomen kunnskap hev den mann som stend framfor deg.
5
Sjå, Gud er sterk, men han vanvyrder ingen, han som er veldig i forstandskraft.
6
Han let ikkje ein gudlaus mann få leva, og armingane hjelper han til deira rett.
7
Frå dei rettvise tek han ikkje sine augo; i lag med kongar på sin stol let han dei sitja all si tid med heider.
8
Og um dei bundne vert med lekkjor og fanga i ulukke-snaror,
9
so vil han dermed syna dei kva dei hev gjort, syndene deira, at dei bar seg trassigt åt,
10
og opna øyra deira for åtvaringi og få dei til å venda um ifrå det vonde.
11
Um dei då høyrer og vil tena han, so fær dei leva all sin dag i lukka og sine år i herlegdom og gleda.
12
Høyrer dei ikkje, so skal spjotet råma dei, og dei skal missa livet i sitt fåvit.
13
Men folk med gudlaust hjarta hyser vreide; dei ropar 'kje til Gud når han legg dei i band.
14
Dei døyr i ungdomsalderen, let livet liksom skjøkjesveinar.
15
Han frelser armingar ved deira armodsdom og opnar deira øyro gjenom trengsla.
16
Han lokkar deg og ut or trengslegapet, ut til ein open plass der det er romt; og bordet ditt skal vera fullt av feite retter.
17
Men er du full av gudlaus misgjerd, kjem misgjerdi og domen til å fylgjast åt.
18
Lat berre ikkje vreide lokka deg til spott, og lat ikkje den tunge boti lokka deg på avveg!
19
Kann skriket ditt vel fria deg or trengsla, kann alt ditt strev og slit vel gjera det?
20
Du må 'kje stunda etter natti, den natt då heile folkeslag vert blesne burt ifrå sin stad!
21
Tak deg i vare, vend deg 'kje til synd! For du hev større hug til det enn til å lida.
22
Sjå, Gud er upphøgd i si kraft; kven er ein lærar slik som han?
23
Kven hev vel synt han vegen hans, kven segjer vel: Du gjorde urett?
24
Sjå til du prisar høgt hans verk, som menneski hev sunge um!
25
All verdi ser på det med lyst; menneskja skodar det langt undan.
26
Sjå, Gud er stor, og me forstend han ikkje; årtalet hans kann ingen finna ut;
27
han dreg vassdropar upp til seg, so det vert regn av skodde-eimen;
28
det fløymer ifrå skyene og dryp ned yver mange folk.
29
Finst det vel nokon som kann skyna korleis skyhopar breider seg, korleis det brakar frå hans tjeld?
30
Han breider ljoset sitt ikring seg og gøymer det med havsens røter.
31
For soleis refser han vel folki, men gjev og rikeleg med føda.
32
Han sveiper hendene i ljos og sender det mot fienden.
33
Hans torebrak ber bod um han, ja, feet varslar når han kjem.
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 37 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42