bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Job 15
Job 15
Norwegian 1938
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 16 →
1
Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2
Gjev vel ein vismann svar med kunnskap som er berre vind, og fyller han upp barmen sin med stormver?
3
Vil han vel verja saki si med gagnlaus tale, med ord som ikkje duger noko?
4
Otten for Gud den bryt du ned og skjeplar andakt for Guds åsyn;
5
for syndi di legg ordi i din munn, du vel å tala slik som falske menner.
6
Din eigen munn dømer deg skuldig, ikkje eg, og dine lippor vitnar mot deg.
7
Vart du fødd fyrst av alle menneske, eller fekk du liv fyrr haugane var til?
8
Var du tilhøyrar i Guds løynde råd, og fekk du rana til deg visdom der?
9
Kva veit du som me ikkje veit? Kva skynar du som ukjent er for oss?
10
Gråhærd og gamling finst hjå oss, ein som i alder vinn på far din.
11
Er trøysteord frå Gud for lite for deg, og ord som ein i mildskap talar til deg?
12
Kvi let du hjarta fara av med deg, og kvi skyt augo dine gneistar?
13
Du vender då din harm mot Gud og let det strøyma ord or munnen.
14
Kor kann eit menneske vel vera reint, ein kvinnefødd vera rettferdig?
15
Han lit ikkje på sine heilage ein gong, og himlane er ikkje reine i hans augo,
16
langt mindre då ein som er stygg og vond, ein mann som leskar seg med urett som med vatn.
17
Eg vil kunngjera deg noko, høyr på meg! Det eg hev set, vil eg fortelja,
18
det vismenn hev forkynt og ikkje dult, det som dei tok imot frå sine feder,
19
dei som åleine hadde fenge landet og ingen framand hadde ferdast hjå.
20
Ein gudlaus gjeng i otte all sin dag, og fåe år er gøymde for ein valdsmann.
21
Redsletonar ljomar i hans øyro; best som han bur i fred, kjem tynaren.
22
Han trur ikkje at han kjem att frå myrkret, og han er etla til å døy for sverdet.
23
Han leitar etter brød og spør: Kvar er det? Han veit det stend ein myrk dag ferdig attmed han.
24
Og naud og trengsla skræmer han; ho slær han ned, plent som ein stridsbudd konge,
25
for di han rette ut si hand mot Gud og våga trassa den Allmektige,
26
storma fram mot han med nakken lyft, med skjoldane til tak so tett,
27
for di han dekte andletet med feitt og auka holdet yver lendene
28
og budde i bannstøytte byar, i hus der ingen skulde bu, og som var etla til grushaugar.
29
Rik vert han ikkje, og hans gods kverv burt, hans grøda luter ikkje ned mot jordi.
30
Or myrkret slepp han ikkje ut; eldslogen turkar kvisten hans, og han kjem burt ved anden av hans munn.
31
Han setje ikkje lit til fåfengd! Då narrar han seg sjølv, for berre fåfengd vert hans løn.
32
Fyrr dagen hans er komen, vert det uppfyllt, og greini hans skal ikkje grønkast.
33
Han vert som vintreet som misser druvone fyrr dei er mogne, og som eit oljetre som feller blomen;
34
for huset åt den gudlause set ingi frukt, og elden øyder deira tjeld som tek mot mutor.
35
Dei avlar ulukka og føder naud, dei nører svik i fanget sitt.
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42