bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Job 9
Job 9
Norwegian 1938
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 10 →
1
Då tok Job til ords og sa:
2
Eg veit for visst at det er so; korleis kann mannen hava rett mot Gud?
3
Um han var huga på å andordast med Gud - han kunde ikkje svara eitt til tusund.
4
Vis som han er og sterk i velde - kven trassa han og slapp vel frå det,
5
han som flyt fjell fyrr dei veit av det, og velter dei når han er vreid,
6
som skakar jordi, so ho vik frå staden sin, og hennar stolpar skjelv,
7
han som byd soli, so ho ikkje renn, og som set segl for stjernone,
8
som spanar himmelen ut åleine og skrid fram yver havsens toppar,
9
som skapte Bjørnen og Orion og Sjustjerna og stjernekammeri i sud,
10
han som gjer store, uransakelege verk, so mange under at dei kann 'kje teljast?
11
Um han gjeng framum meg, ser eg han ikkje; um han fer framum, vert eg ikkje var han.
12
Han grip sitt rov - kven meinkar han? Kven spør vel han: Kva gjer du der?
13
Gud held ikkje sin vreide att; for han laut Rahabs-fylgjet bøygja seg.
14
Kor kann då eg vel svara han og velja mine ord imot han?
15
Um retten var hjå meg - eg kunde ikkje svara, men laut nok beda domaren um nåde.
16
Og um eg ropa, og han svara meg - eg kunde ikkje tru han lydde på mi røyst,
17
han som i stormen vilde knusa meg og utan grunn heimsøkja meg med sår på sår,
18
som ikkje vilde unna meg å draga anden, men vilde metta meg med lidingar.
19
Når det gjeld styrke, segjer han: Her er eg! Og gjeld det rett: Kven tru vil stemna meg?
20
Um retten var hjå meg, so sa min eigen munn meg saka, um eg var skuldlaus, sa han like vel eg hadde urett.
21
Men skuldlaus er eg; eg er like sæl med livet - å leva stend eg ikkje etter.
22
Det kvittar eitt; so segjer eg: Skuldlaus og gudlaus - båe tyner han.
23
Når svepa brått gjev ulivssår, so spottar han dei skuldlause som lid.
24
I handi åt den gudlause er jordi gjevi; han sveiper andletet på hennar domarar. Er det 'kje han, kven er det då som gjer det?
25
Snøggare enn lauparen fór mine dagar, dei flaug av stad, men aldri såg dei nokor lukka;
26
som sevbåtar gleid dei av stad, som ørn når ho slær ned på fengdi.
27
Dersom eg segjer: Eg vil gløyma sorgi, eg jamnar panna mi og gjer meg glad,
28
so gruar eg for alle mine plagor; for ikkje dømer du meg fri, det veit eg.
29
Eg skal no ein gong vera gudlaus - kvi strevar eg då so til fåfengs?
30
Ja, um eg tvætta meg i snø og reinsa hendene med lut -
31
straks dukka du meg i ei greft, so klædi mine stygdest ved meg.
32
For han er ikkje liken min, ein mann som eg kann gjeva svar, som eg kann fylgjast med til retten;
33
det er ingen skilsmann millom oss, som kunde leggja handi på oss båe.
34
Når berre han tok riset frå meg, og redslone hans ikkje skræmde meg!
35
Då skulde eg tala og ikkje vera redd han; eg er då ikkje slik, det veit eg med meg sjølv.
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 10 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42