bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Job 14
Job 14
Norwegian 1938
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 15 →
1
Eit menneske, født av ei kvinna, det lever stutt, vert mett av uro.
2
Som blomen skyt han upp og visnar, som skuggen fer han burt og stend seg ikkje.
3
Og slik ein held du augo opne yver, og meg dreg du fram for din domstol!
4
Skal tru det av ein urein kjem ein som er rein? Nei, ikkje ein!
5
Når dagetalet hans er sett, hans månadstal sett fast hjå deg, når du hev sett for han ei grensa, ei som han ikkje kjem utum,
6
so vend ditt auga burt frå han, so han kann hava ro so vidt at han fær vera nøgd og fegen som leigekaren av sin dag!
7
For treet er det endå von; um det vert det hogge, renn det att, det vantar ikkje renningar;
8
um roti eldest nedi jordi, og stuven døyr i turre mold,
9
so skyt det endå knupp ved eim av vatn, fær greiner lik eit tre som nyst er planta.
10
Men døyr ein mann, so ligg han der, og andast mennesket, kvar er han då?
11
Som vatnet renn ut or ein sjø, ei elv med kvart vert grunnare og turkar ut,
12
so legg ein mann seg ned, kjem aldri meir på føter; so lenge himmelen er til, vaknar dei ikkje - or svevnen vert dei aldri vekte.
13
Å, um du vilde gøyma meg i helheim og løyna meg til vreiden din gjeng av, setja eit tidsmål for meg og sidan hugsa meg!
14
Livnar ein mann att når han døyr? Då venta eg mi stridstid ut, til det kom avløysing for meg;
15
du skulde ropa då, eg skulde svara; du skulde lengta etter dine henders verk.
16
Men no tel du kvart steg eg tek, og aktar stendigt på mi synd.
17
Forsigla i ein pung ligg brotet mitt, du saumar att for mi misgjerning.
18
Men liksom fjellet fell og smuldrast, og berget vert flutt burt frå staden sin,
19
som vatnet holar steinen ut og flaumen skolar moldi burt, so gjer du mannsens von til inkjes.
20
Du døyver han for alltid, han gjeng burt; du skamfer andletet på han og let han fara.
21
Kjem borni hans til æra, veit han ikkje det, og vert dei vanvyrde, går han det ikkje.
22
Hans lekam kjenner berre eigi liding, og sjeli kjenner berre eigi sorg.
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 15 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42