bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 15
Proverbs 15
Norwegian 1938
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 16 →
1
Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide.
2
Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men dårskap gøyser or munnen på dårar.
3
Herrens augo er alle stader, dei ser etter både vonde og gode.
4
Linnmælt tunga er eit livsens tre, men ei falsk tunga gjev hjartesår.
5
Dåren vanvyrder far sin's age, men den som aktar på refsing, er klok.
6
Rettferdig manns hus gøymer stor rikdom, men ugudleg manns inntekt vert til tjon for han.
7
Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men dårehugen er ikkje rett.
8
Offer frå dei ugudlege er ein styggedom for Herren, men bøn frå dei ærlege tykkjer han vel um.
9
Gudløysings veg er ein styggedom for Herren, men han elskar den som strevar etter rettferd.
10
Hard refsing fær den som gjeng ut av rette stigen; den som hatar age, skal døy.
11
Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneske-hjarto!
12
Spottaren likar ikkje at ein lastar han; til vismenner gjeng han ikkje.
13
Gladværugt hjarta gjer andletet ljost, men hjartesorg bryt modet ned.
14
Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med dårskap.
15
Alle ein armings dagar er vonde, men gladhjarta mann hev gjestebod stødt.
16
Betre er lite med otte for Herren enn stor skatt med uro attåt.
17
Betre er eit kål-fat med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt.
18
Brålyndt mann valdar tretta, men den toluge stiller kiv.
19
Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men vegen er brøytt for dei ærlege.
20
Ein vis son gjer far sin gleda, men eit uvitugt menneske vanvyrder mor si.
21
Dårskap er gleda for vitlaus mann; men ein vitug mann gjeng beint fram.
22
Råder vert til inkjes utan rådleggjing; men der det er mange rådgjevarar, fær dei framgang.
23
Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er!
24
Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede.
25
Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa.
26
Vonde tankar er ein styggedom for Herren, men milde ord er reine for han.
27
Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar gåvor, han skal leva.
28
Den rettferdige tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men dei ugudlege let vondskap gøysa ut or munnen.
29
Herren er langt burte frå dei ugudlege, men bøni frå dei rettferdige høyrer han.
30
Ljos i augo gjer hugen glad; god tidend gjev merg i beini.
31
Den som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne i lag med vismenn.
32
Den som vandar age, vanvyrder sitt liv, men den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit.
33
Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng audmykt.
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31