bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 22
Proverbs 22
Norwegian 1938
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 23 →
1
Eit godt namn er meir verdt enn stor rikdom; manntekkje er betre enn sylv og gull.
2
Rik og fatig råkast, Herren hev skapt dei båe tvo.
3
Den kloke ser fåren og gøymer seg, men dei urøynde held fram og lyt bøta.
4
Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv.
5
Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng; den som varar sitt liv, held seg burte frå dei.
6
Lær guten vegen han skal ganga, so vik han ikkje frå han, jamvel når han eldest.
7
Rikmannen råder yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev.
8
Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans vreide-ris fær ein ende.
9
Den godhjarta vert velsigna av di han gav armingen av sitt brød.
10
Jaga spottaren ut, so gjeng tretta med, og kiv og skjemsla fær ein ende.
11
Den som elskar hjartans reinleik, og som talar vent, han hev kongen til ven.
12
Herrens augo vernar den vituge, men ord frå den utrue gjer han um inkje.
13
Letingen segjer: Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.
14
Munnen åt framand kvinna er ei djup grav; den som Herren er harm på, fell nedi.
15
Vitløysa er bundi fast til gutehjarta, men tukteriset driv henne burt.
16
Er du hard med armingen, aukar du eiga hans; gjev du den rike, valdar du han berre tap.
17
Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn og vend ditt hjarta til min kunnskap!
18
For det er godt at du tek vare på dei i ditt hjarta, og at dei alle ligg på dine lippor.
19
Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg.
20
Hev eg ikkje skrive upp åt deg fyndord med råder og kunnskap
21
til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du kann svara dei som sender deg, med sanne ord?
22
Plundra ikkje ein fatigmann, av di han er fatig, og trakka ikkje armingen ned i porten!
23
For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek noko frå dei.
24
Haldt deg ikkje til vens med ein som snart vert vreid, og gjev deg ikkje i lag med ein bråsinna mann,
25
so du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt!
26
Ver ikkje millom dei som gjev handtak, millom dei som borgar for skuld!
27
Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei då taka sengi di burt under deg?
28
Flyt ikkje gamal merkestein som federne dine hev sett!
29
Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet - han kann koma til å tena kongar; han kjem ikkje til å tena småfolk.
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 23 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31