bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 4
Proverbs 4
Norwegian 1938
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 5 →
1
Høyr etter, born, når ein far tuktar, og gjev gaum, so de kann læra klokskap!
2
For ein god lærdom gjev eg dykk; mine bod må de ikkje ganga frå.
3
For då eg var son heime hjå far min, då eg var liten og einaste guten åt mor mi,
4
då lærde han meg og sa til meg: Lat hjarta ditt halda fast på mine ord, tak vare på mine bod, so skal du leva.
5
Kjøp deg visdom, kjøp deg vit, gløym ikkje og vik ikkje frå ordi eg segjer!
6
Gakk ikkje frå visdomen, so skal han vakta deg; elska han, so skal han vara deg.
7
Upphavet til visdom er: Kjøp deg visdom, ja, kjøp deg vit for all di eiga!
8
Set han høgt, so skal han upphøgja deg; han fører deg til æra, når du tek han i fang.
9
Han set på ditt hovud ein fager krans, han gjev deg ei prydeleg kruna.
10
Høyr, son min, og tak imot mine ord, so vert dine leveår mange.
11
Eg viser deg visdoms veg, eg leider deg på rettvise-stigar
12
Når du gjeng, skal du stiga fritt, og når du spring, skal du ikkje snåva.
13
Haldt fast på min age, slepp han ikkje! Tak vare på han, for han er ditt liv.
14
På gudlause-stig må du ikkje koma, ikkje fylgja den vegen dei vonde gjeng.
15
Haldt deg burte frå han, fylg han ikkje, vik frå han og gakk utanum!
16
For dei fær ikkje sova minder dei hev gjort eitkvart vondt, og dei misser svevnen, hev dei ikkje fenge einkvar til å falla.
17
For dei et gudløyse-brød og drikk valdsverks vin.
18
Men den stigen dei rettferdige gjeng, er lik morgonglima, som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.
19
Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret; dei veit ikkje kva dei snåvar i.
20
Son min! Akta på ordi mine, lut øyra ned til det eg segjer!
21
Slepp dei ikkje utor augo, vara dei djupt i hjarta!
22
For dei er liv for kvar som finn dei, og lækjedom for heile hans lekam.
23
Tak vare på hjarta framfor alt som du vaktar; for livet gjeng ut frå det.
24
Haldt deg ifrå svikfulle ord, og burt med falske lippor!
25
Lat augo dine sjå beint fram og augnekasti skoda ende fram for deg!
26
Jamna stigen for din fot, og lat alle dine vegar vera støde!
27
Tak ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre, vend foten ifrå det vonde!
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31