bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 30
Proverbs 30
Norwegian 1938
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 31 →
1
Ord av Agur Jakeson, framsegni hans. So sa mannen til Itiel, til Itiel og Ukkal:
2
Eg er for fåvis til å heita menneske; det er ikkje manns vit i meg.
3
Visdom hev eg ikkje lært, eg hev 'kje kunnskap um den Heilage.
4
Kven for upp til himmelen, og ned att? Kven samla vinden inn i nevane? Kven batt vatnet i eit klædeplagg? Kven sette alle jordheims grensor? Kva heiter han, kva heiter son hans? Du veit det då.
5
Alt Guds ord er skirt; han er ein skjold for dei som flyr til han.
6
Legg ikkje noko til hans ord! Elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar.
7
Tvo ting bed eg deg um, neitta meg dei ikkje, fyrr eg døyr:
8
Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg eta mitt tiletla brød!
9
Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: Kven er Herren? Eller um eg vart fatig, kunde eg stela og banna namnet åt min Gud.
10
Baktala ikkje ein tenar for hans husbond, elles vil han banna deg, og du fær skuld på deg.
11
Det finst ei ætt som bannar far sin og ikkje signar mor si,
12
ei ætt som tykkjer ho er rein, endå ho ikkje hev tvætta av sitt eige skarn,
13
ei ætt - kor stolte augo hev ho ikkje, og kor ho lyfter augneloki! -
14
ei ætt med sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund.
15
Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Det finst tri som aldri vert mette, fire som aldri segjer: Nok!
16
Det er helheim og barnlaust morsfang, jordi, som aldri vert mett av vatn, og elden, som aldri segjer: Nok!
17
Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal ramnane ved bekken hakka ut og ørnungar eta upp.
18
Tri ting er meg for underlege, og fire finst som eg ikkje skynar:
19
Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til ei møy.
20
Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: Eg hev ikkje gjort noko vondt.
21
Under tri skjelv jordi, under fire kann ho ikkje herda:
22
under trælen når han vert konge, og dåren når han fær eta seg mett,
23
under attergløyma når ho vert gift, og tenestgjenta når ho erver si matmor.
24
Det finst fire som er små på jordi og like vel hev fenge ovstor visdom:
25
Mauren er ikkje noko sterkt folk, og endå lagar han sin mat um sumaren;
26
fjellgrevlingane er eit folk med liti kraft, og endå byggjer dei seg hus i berget;
27
grashoppane hev ingen konge, og endå dreg dei alle ut, flokk etter flokk;
28
fjorføtla kann du taka med hendene, og endå held ho til i kongeslott.
29
Det finst tri som stig med staute steg, og fire hev ei fager gonga:
30
Løva, som er ei kjempa millom dyri, og som ikkje snur for nokon,
31
hesten med gjord um lendene, bukken, og ein konge i brodden for sitt folk.
32
Hev du fare som ein dåre og gjort deg stor, eller hev du tenkt på vondt, so legg handi på munnen!
33
For trykk på mjølk gjev smør, og trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide gjev tretta.
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 31 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31