bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 28
Proverbs 28
Norwegian 1938
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 29 →
1
Dei ugudlege flyr um ingen elter dei; men dei rettferdige er trygge som ungløva.
2
Når eit land fell frå, fær det mange fyrstar; men når folk er kloke og vituge, lever fyrsten lenge.
3
Ein fatig mann som er hard med småfolk, er eit regn som skolar burt kornet, so ein ikkje fær brød.
4
Den som gjeng ifrå lovi, prisar dei ugudlege, men dei som held lovi, strider mot dei.
5
Vonde folk skynar ikkje kva rett er, men dei som søkjer Herren, skynar alt.
6
Betre er ein fatigmann som ferdast ulastande, enn ein rikmann som er falsk og gjeng tvo vegar.
7
Den som lyder lovi, er ein vitug son; men den som hev lag med drikkebrør, fører skam yver far sin.
8
Den som aukar si eiga med renta og yvermål, han sankar åt den som er god mot dei arme.
9
Um ein vender øyra burt og ikkje vil høyra lovi, er jamvel bøni hans ein styggedom.
10
Den som villar dei ærlege inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav; men dei ulastande skal erva det som godt er.
11
Ein rikmann tykkjer han er vis; men ein fatigmann med vit ransakar honom.
12
Når dei rettferdige fegnast, stend alt herleg til; men når dei ugudlege kjem seg upp, lyt ein leita etter folk.
13
Den som dyl misgjerningane sine, hev ikkje lukka med seg; men den som sannar dei og vender seg frå dei, han finn miskunn.
14
Sælt det mennesket som alltid ottast; men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka.
15
Som ei burande løva og ein grådig bjørn er ein ugudleg hovding yver eit fatigt folk.
16
Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal leva lenge.
17
Eit menneske med blodskuld yver seg er på flukt alt til gravi; ingen må halda han att.
18
Den som er lever ulastande, vert frelst; men den som er falsk og gjeng tvo vegar, fell på den eine.
19
Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød; men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod.
20
Ein trufast mann fær rik velsigning; men den som renner etter rikdom, vert ikkje urefst.
21
Å gjera mannemun er ikkje rett, men mang ein mann forbryt seg for ein brødbit.
22
Den ovundsjuke vil i bråhast verta rik og veit ikkje at vanråd kjem på han.
23
Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som gjer tunga si hål.
24
Den som plundrar far sin og mor si og segjer: Det er ikkje synd, han er lagsbror åt tynaren.
25
Den vinnekjære valdar tretta; men den som lit på Herren, skal trivast.
26
Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre; men den som ferdast i visdom, vert frelst.
27
Den som gjev den fatige, skal ikkje lida naud; men den som let att augo, fær mykje banning yver seg.
28
Når dei ugudlege kjem seg upp, då gøymer folk seg; men når dei gjeng til grunns, då aukar dei rettferdige.
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 29 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31