bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 7
Proverbs 7
Norwegian 1938
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 8 →
1
Son min, tak vare på ordi mine og gøym min bod hjå deg!
2
Tak vare på bodi mine, so skal du leva, og på læra mi som din augnestein!
3
Bitt dei på fingrane dine, skriv dei på hjartetavla!
4
Seg til visdomen: Du er mi syster, og kalla vitet din kjenning,
5
so dei kann vara deg frå annanmanns kona, frå framande kvinnor, som talar sleipe ord.
6
For gjenom vindauga i huset mitt, gjenom tralene skoda eg ut;
7
då såg eg millom dei urøynde, eg gådde millom dei unge ein uviting,
8
som gjekk framum på gata burtmed hyrna hennar og tok vegen til hennar hus,
9
i skumingi, då det kvelda, i kolmyrke svarte natti.
10
Då kom ei kvinna imot han i skjøkjebunad og innful i hjarta.
11
Vill er ho og styrlaus; heime hev hennar føter ikkje ro.
12
Snart er ho på gata, snart på torgi, og attmed kvart hyrna stend ho på lur.
13
Ho tok fat på han og kysste han, og med ubljug uppsyn sa ho til han:
14
Takkoffer skulde eg bera fram, og i dag hev eg løyst mine lovnader;
15
difor gjekk eg ut imot deg, vilde leita deg upp, og eg fann deg.
16
Mi seng hev eg reidt med teppe, med egyptiske roselakan.
17
Eg hev strått utyver mi lega myrra, aloë og kanel.
18
Kom til ein kjærleiks rus alt til morgons, lat oss hyggja oss saman i elskhug!
19
For mannen er ikkje heime, han er faren på langferd;
20
pengepungen tok han med seg, ved fullmånetid kjem han heim.
21
Ho fekk lokka han med si sterke fyreteljing, med sine sleipe lippor forførde ho han.
22
Han fylgjer henne straks, lik ein ukse som gjeng til slaktarbenken, liksom i fotjarn, som dåren vert tukta med,
23
til dess pili kløyver hans lever - liksom fuglen skundar seg til snara og veit ikkje at det gjeld livet.
24
So høyr no på meg, born, og lyd på det munnen min talar!
25
Lat ikkje hjarta venda seg til hennar vegar, vill deg ikkje inn på hennar stigar!
26
For mange som hev fenge ulivssår, hev ho felt, og stort er talet på dei ho hev drepe;
27
frå hennar hus gjeng vegar til helheim, dei gjeng ned til daudens kovar.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31