bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 24
Proverbs 24
Norwegian 1938
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 25 →
1
Ovunda ikkje vonde menneske, og hav ikkje hug til å vera med dei!
2
For hjarta deira tenkjer berre på tyning, og um ulukka talar lippone deira.
3
Med visdom byggjer ein hus, og med vit tryggjer ein det,
4
og med kunnskap fær ein romi fulle av alle slag dyre og gilde ting.
5
Ein vis mann er sterk, og ein kunnig mann aukar si kraft.
6
Du skal søkja rettleiding når du fører krig; der det er mange rådgjevarar, gjeng det godt.
7
Visdom heng for høgt for dåren; i porten let han ikkje upp sin munn.
8
Den som tenkjer upp meinråder, han kallar me ein fuling.
9
Dårskaps råd er synd, og spottaren er ein styggedom for folk.
10
Ter du deg modlaus på trengsle-dagen, då er det smått med krafti di.
11
Berga dei som dei hentar til dauden, og haldt att dei som dei dreg skjelvande til rettarstaden!
12
Um du segjer: Me visste det ikkje, ser du - tru ikkje han som veg hjarto, skynar det, og han som aktar på sjeli di, veit det og løner kvar mann etter det han hev gjort?
13
Et honning, son min, for den er god, og sjølvrunnen honning er søt for din gom!
14
Likso gjæv skal du halda visdomen for sjeli di! Hev du funne han, so hev du ei framtid, og di von skal ikkje verta til inkjes.
15
Ver ikkje so gudlaus at du lurer på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde!
16
For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei ugudlege stuper når ulukka kjem.
17
Når din fiende fell, so gled deg ikkje, og når han snåvar, fegnast ikkje ditt hjarta!
18
Elles vil Herren sjå det og mislika det, so han vender vreiden sin frå han.
19
Harmast ikkje yver illgjerdsmenner, ovunda ikkje dei ugudlege!
20
For dei vonde hev ingi framtid, lampa åt dei ugudlege sloknar.
21
Ottast Herren, son min, og kongen! Gjev deg ikkje i lag med upprørsmenner!
22
For brått kjem ulukka yver dei, og tyningi frå dei båe - kven veit um henne?
23
Desse ordtøki er og av vismenner: Det er ikkje rett når domaren gjer mannemun.
24
Segjer nokon til den som er saka: Du er saklaus, so vil folkeslagi banna han, folki ynskja vondt yver han;
25
men dei som refsar han, gjeng det vel, og lukke og velsigning kjem yver dei.
26
Ein kyss på lippone er det når einkvan gjev det rette svaret.
27
Fullfør yrket ditt ute og gjer det frå deg på marki! Sidan kann du byggja huset ditt.
28
Ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn! Du vil vel ikkje svika med lippone dine?
29
Seg ikkje: Som han hev gjort med meg, so vil eg gjera med han; eg vil løna kvar mann etter hans gjerning.
30
Eg gjekk framum ein lat manns mark, vinhagen åt eit vitlaust menneske,
31
og sjå, han var vaksen full av tistlar; grunnen var yvergrodd med netlor, og steingarden kringom var riven ned.
32
Eg gådde det og akta på det; eg såg det og tok lærdom av det:
33
[Segjer du:] Lat meg sova litt til, blunda litt til, leggja hendene i hop ei stund til og kvila -
34
so kjem armodi på deg som ein farande fant, og naudi som skjoldvæpna mann.
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31