bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 17
Proverbs 17
Norwegian 1938
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 18 →
1
Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av slakt med tretta til.
2
Ein klok tenar fær råda yver ein uvisleg son, og millom brørne fær han lut i arven.
3
Diglen røyner sylvet og omnen gullet; men den som røyner hjarto, det er Herren.
4
Den vonde aktar på vondskapslippa; ljugaren lyder på tynings-tunga.
5
Den som spottar den fatige, hæder skaparen hans; den som gleder seg yver ulukka, skal få si refsing.
6
Ei kruna for dei gamle er barneborn, og ei pryda for borni er federne deira.
7
Det høver ikkje for dåren å tala store ord, enn mindre for gjævingen å ljuga.
8
Gåva er ein glimestein for den som fær henne; kvar ho kjem, der fær ho framgang.
9
Den som skyler misgjerd, søkjer kjærleik; men den som riv upp att ei sak, skil ven frå ven.
10
Vondord gjer meir på den vituge enn hundrad hogg på dåren.
11
Den vonde vil ikkje anna enn upprør, men ein hard bodberar vert send imot han.
12
Møt heller ei binna som hev mist sine ungar, enn ein dåre med dårskapen hans!
13
Den som løner godt med vondt, frå hans hus skal ikkje ulukka vika.
14
Å taka til med tretta er som å sleppa vatn ut; haldt difor upp med tretta, fyrr ho vert for strid!
15
Den som frikjenner ein ugudleg, og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren.
16
Kva hjelper pengar i handi på dåren til å kjøpa visdom, når han ikkje hev vit?
17
Venen elskar alltid, og bror vert fødd til hjelp i naud.
18
Ein vitlaus mann er den som handtekst, som gjeng i borg hjå næsten sin.
19
Den som elskar tretta, elskar synd; den som byggjer døri si høg, søkjer fall for seg sjølv.
20
Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som hev ei falsk tunga, fell i ulukka.
21
Den som hev eit narr til son, fær sorg av han; far åt ein dåre hev ingi gleda.
22
Gladværugt hjarta gjev god lækjedom, men nedslege mod syg mergen or beini.
23
Den ugudlege tek gåver ut or barmen og vil få rettargangen bøygd.
24
Den vituge hev visdomen for augo, men dåren hev augo ved heimsens ende.
25
Ein uvitug son er til gremme for far sin og til beisk sorg for henne som fekk han.
26
Det er 'kje godt at og rettferdig mann fær refsing; at gjæve folk fær slag, er tvert imot all rett.
27
Den som er klok, han sparer på ordi, og ein vitug mann er kald i hugen.
28
Når dåren tegjer, gjeng han og for vismann, og for ein vitug mann når han held munn.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31