bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Proverbs 21
Proverbs 21
Norwegian 1938
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 22 →
1
Konge-hjarta er i Herrens hand som bekker, han vender det kvar helst han vil.
2
Ein mann tykkjer at all hans ferd er rett, men det er Herren som prøver hjarto.
3
At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer.
4
Stolte augo og ovmodigt hjarta - lampa åt ugudlege folk vert til synd for dei.
5
Tankane hjå den annsame fører berre til vinning, men hastverk berre til tap.
6
Den rikdom ein vinn med ljugartunga, er ein kvervande pust, og han fører til dauden.
7
Den vald dei ugudlege gjer, skal riva dei sjølve burt, av di dei ikkje vilde gjera det som rett er.
8
Skyldtyngd mann gjeng krokut veg, men den reine fer ærleg fram.
9
Betre å bu i ei krå på taket enn hava hus i hop med trettekjær kvinna.
10
Ugudleg manns sjel hev hug til det vonde; hans næste finn ikkje miskunn hjå han.
11
Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap.
12
Den Rettferdige aktar på gudløysings hus; han støyter dei gudlause ned i ulukka.
13
Den som dytter øyra til for armings rop, han skal sjølv ropa og ikkje få svar.
14
Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i løynd stiller største harmen.
15
Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei redsla for illgjerningsmenner.
16
Den som viller seg burt frå klokskaps veg, han skal hamna i skuggeheimen.
17
Fatig vert den som elskar moro; den som elskar vin og olje, vert ikkje rik.
18
Den ugudlege vert løysepengar for den rettferdige, og den utrue kjem i staden for dei ærlege.
19
Betre å bu i eit øydeland enn hjå arg og trettekjær kvinna.
20
Den vise hev dyre skattar og olje i huset, men dåren øyder det upp.
21
Den som strevar etter rettferd og miskunn, han skal finna liv og rettferd og æra.
22
Vismannen stormar ein by full av kjempor og bryt ned den borgi som byen leit på.
23
Den som varar sin munn og si tunga, han friar sitt liv frå trengslor.
24
Den kaute og stolte kallar me spottar; han fer fram med ofseleg ovmod.
25
Lysti åt letingen drep honom sjølv, for hendene hans vil ingen ting gjera.
26
Heile dagen er han full av trå; men den rettferdige gjev og sparer ikkje.
27
Ein styggedom er det når gudlause folk kjem med offer, og endå meir når dei samstundes emnar på vondt.
28
Eit ljugarvitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid.
29
Ein ugudleg mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng vegen sin ende fram.
30
Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren.
31
Hesten vert budd til herferdsdagen, men sigeren kjem ifrå Herren.
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 22 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31