bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 13
Ezekiel 13
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 14 →
1
HERRENS ord kom til meg:
2
Menneske, tal profetord mot profetane i Israel, som driv og profeterer. Sei til dei som profeterer ut ifrå eige hjarte: Høyr HERRENS ord!
3
Så seier Herren GUD: Ve dei tåpelege profetane, dei som følgjer sitt eige sinn og ikkje har sett noko som helst.
4
Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel.
5
De har ikkje gått opp i mursprekkane eller styrkt muren kring Israels hus, så det kunne stå seg i striden på HERRENS dag.
6
Syna deira er tomme, og spådomane er løgn. Dei seier «HERREN seier», endå HERREN ikkje har sendt dei. Og likevel ventar dei at han skal la ordet slå til!
7
Er det ikkje tomme syn de kjem med og løgnaktige spådomar de har tala når de seier «HERREN seier», endå eg ikkje har tala?
8
Difor seier Herren GUD: Fordi de talar tomme ord og ser løgn, kjem eg mot dykk, lyder ordet Herren GUD.
9
Eg retter handa mot dei profetane som har tomme syn og spår løgn. Når folket mitt held råd, får dei ikkje vera med. I ættelista til Israels hus skal dei ikkje skrivast, og til Israels land skal dei aldri koma. De skal kjenna at eg er Herren GUD.
10
For dei har ført folket mitt vill og sagt: Fred! Men det er ingen fred. Det er som når nokon byggjer ein vegg og stryk kalk på han.
11
Sei til dei som kalkar: Veggen ramlar! Regnet fløymer. Eg får haglstein til å falla og stormvind til å bryta laus.
12
Så fell veggen. Vil dei ikkje då seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»
13
Difor seier Herren GUD: I min harme lèt eg ein stormvind bryta laus, i min vreide sender eg regn og hagl som øydelegg alt.
14
Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, eg jamnar han med jorda så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de omkoma midt i han. Då skal de kjenna at eg er HERREN.
15
Eg auser all min harme på veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som kalka han,
16
profetane i Israel som spådde om Jerusalem og såg syn om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred», seier Herren GUD.
17
Du menneske, vend deg mot døtrene i folket ditt som profeterer ut frå sitt eige hjarte. Tal profetord mot dei
18
og sei: Så seier Herren GUD: Ve dei som syr band til alle handledd og lagar tørkle til hovuda, alt etter kor store dei er, for å fanga menneskesjeler! De fangar sjelene til folket mitt for å halda dykkar eigne sjeler i live.
19
De vanhelgar meg hos folket mitt for nokre nevar bygg og nokre brødskalkar når de tek livet av menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet til andre som ikkje skulle leva. Slik lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på løgn.
20
Difor seier Herren GUD: Sjå, dei banda som de fangar sjeler med, liksom ein fangar fuglar, riv eg av armane dykkar. Og dei sjelene de fangar, slepper eg fri som fuglar.
21
Så riv eg sund tørkleda dykkar og bergar folket mitt ut av hendene på dykk. Dei skal aldri meir bli eit bytte i dykkar hand. Då skal de kjenna at eg er HERREN.
22
Med løgn tek de motet frå den rettferdige, sjølv om ikkje eg ville gjera han noko vondt. Og den urettferdige gjev de styrke, så han ikkje vender om frå sin vonde veg og får leva.
23
Difor skal de ikkje lenger ha tomme syn og ikkje driva med spådom. Eg vil berga folket mitt ut av hendene på dykk. Då skal de kjenna at eg er HERREN.
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48