bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 4
Ezekiel 4
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 5 →
1
Du menneske, ta ein teglstein og legg han framfor deg! På den skal du rissa inn ein by — Jerusalem.
2
Du skal omringa byen, byggja skansar mot han og kasta opp ein voll omkring han. Lat hærar slå leir rundt byen og still opp rambukkar mot han på alle kantar!
3
Ta deg ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Slik blir han omringa, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels hus.
4
Legg deg så på venstre sida og legg Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg slik, skal du bera skulda til israelittane.
5
Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld.
6
Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda til Juda. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.
7
Vend så andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du profetera mot byen!
8
Sjå, eg bind deg fast med tau så du ikkje kan snu deg frå side til side før du er ferdig med dei dagane du skal omringa byen.
9
Ta så kveite og bygg, bønner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trau og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.
10
Maten du et, skal vega tjue sjekel om dagen. Dette får du å eta på eit døgn.
11
Vatnet òg skal du drikka etter mål, ein sjettedels hin får du å drikka på eit døgn.
12
Byggkaker skal du eta. Dei skal du steikja på menneskemøkk, rett framfor auga på folk.
13
Og HERREN sa: Slik skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til.
14
Eg svara: «Nei, min Herre og GUD, eg har aldri gjort meg urein. Frå ungdomen av og til no har eg aldri ete av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt er aldri kome inn i min munn.»
15
Då sa han til meg: «Sjå, i staden for menneskemøkk lèt eg deg bruka kumøkk til å steikja brødet ditt på.»
16
Så sa han til meg: «Menneske, sjå, no bryt eg sund brødstaven i Jerusalem. Med uro skal dei eta brød etter vekt, og med skrekk skal dei drikka vatn etter mål.
17
Når dei slepp opp for brød og vatn, skal kvar og ein bli slegen av redsle og forgå på grunn av si skuld.»
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48