bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 9
Ezekiel 9
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 10 →
1
Han ropa høgt medan eg høyrde på: «Straffa over byen er nær! Kvar og ein må ha sitt øydingsvåpen i handa.»
2
Og sjå, frå Øvreporten, den som vender mot nord, kom seks menn, kvar med sitt drapsvåpen i handa. Ein av dei var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet. Dei kom og stilte seg ved sida av bronsealtaret.
3
Då lyfte herlegdomen til Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og flytte seg til dørstokken i tempelet. HERREN ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet.
4
Og HERREN sa til han: «Gå gjennom Jerusalem by og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over alt det avskyelege der.»
5
Og til dei andre sa han så eg høyrde det: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned! Vis ikkje medkjensle, spar ingen.
6
Gamle, unge gutar og jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydda ut. Men rør ikkje nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med mennene, dei eldste, som stod framfor HERRENS hus.
7
Då sa han til dei: «Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!» Så fór dei av stad og hogg ned folk i byen.
8
Medan dei gjorde det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: «Å, Herre GUD, vil du tyna alt det som er att av Israel, sidan du auser ut din harme over Jerusalem?»
9
Han svara: «Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fylt av blod, og byen er full av urett. For dei seier: HERREN har forlate landet; HERREN ser ikkje noko.
10
Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller spara dei. Eg lèt gjerningane deira koma over deira eige hovud.»
11
Mannen som var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet, kom tilbake og sa ifrå: «Eg har gjort det du baud meg.»
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 10 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48