bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 45
Ezekiel 45
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 44
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 46 →
1
Når de kastar lodd og skifter ut landet, skal de setja av eit tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt stykke som heilag gåve til HERREN. Det skal vera heilagt så langt det strekkjer seg.
2
Av dette skal eit firkanta stykke på fem hundre gonger fem hundre alner høyra heilagdomen til. Og femti alner omkring det skal vera beitemark.
3
Av heile området skal du måla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Der skal heilagdomen stå, det høgheilage.
4
Dette stykket er ein heilag del av landet. Det skal høyra til prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener HERREN. Det skal gje plass for husa deira og beitemark som høyrer heilagdomen til.
5
Eit jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal høyra til levittane, som er tempeltenarar. Der skal dei ha byar å bu i.
6
Til eigedom for byen skal de gje eit stykke som er fem tusen alner breitt og tjuefem tusen alner langt, langsmed det som er sett av til heilagdomen. Det skal høyra til heile Israels hus.
7
Fyrsten skal ha land på begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei delane stammane får, frå grensa i vest til grensa i aust.
8
Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Då skal fyrstane mine aldri meir undertrykkja folket mitt, men overlata jorda til Israels hus, stamme for stamme.
9
Så seier Herren GUD: Nok no, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren GUD.
10
Bruk rette vektskåler og rett efa og bat!
11
Ein efa og ein bat skal ha same mål, så både ein bat og ein efa er tiandedelen av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.
12
Ein sjekel skal vera tjue gera. Fem sjekel skal vera fem sjekel, og ti sjekel skal vera ti, og femti sjekel skal de rekna for ei mine.
13
Dette er offergåva de skal gje: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.
14
Forskrifta for olje som blir målt i bat, er ein tiandedels bat av kvar kor. Det er altså ti bat i ein kor.
15
Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå dei saftige beita i Israel. Dei skal vera til grødeoffer, brennoffer og fredsoffer, til soning for folket, seier Herren GUD.
16
Heile folket i landet må vera med på å gje fyrsten i Israel denne gåva.
17
Fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israels hus. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og fredsoffer til soning for Israels hus.
18
Så seier Herren GUD: Den første dagen i den første månaden skal du ta ein ungokse utan feil. Slik skal du ta bort synd frå heilagdomen.
19
Presten skal ta noko av blodet frå syndofferdyret og stryka det på dørstolpane i tempelet, på dei fire hjørna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden.
20
Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Slik skal de gjera soning for huset.
21
Den fjortande dagen i den første månaden skal de halda påske. Under sjudagarsfesten skal det etast usyra brød.
22
På den dagen skal fyrsten laga til ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet.
23
Dei sju dagane festen varer, skal han laga til brennoffer for HERREN, kvar dag sju oksar og sju vêrar utan feil, og som syndoffer ein geitebukk kvar dag.
24
Som grødeoffer skal han bera fram ein efa mjøl til kvar okse, ein efa til kvar vêr og ein hin olje til kvar efa.
25
Også under festen på den femtande dagen i den sjuande månaden skal han bera fram syndoffer og brennoffer, grødeoffer og olje, slik som på dei andre sju dagane.
← Chapter 44
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 46 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48