bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 26
Ezekiel 26
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 27 →
1
Det var i det ellevte året, på den første dagen i månaden. HERRENS ord kom til meg:
2
Menneske, Tyros har sagt om Jerusalem: «Ha-ha! Knust er ho som var ein port for folka, no er ho vend mot meg. Eg gjer meg rik, ho er lagd øyde.»
3
Difor seier Herren GUD: Eg kjem over deg, Tyros. Eg lèt mange folkeslag slå inn over deg, liksom havet lèt bølgjene slå.
4
Dei skal bryta ned murane kring Tyros og leggja tårna i grus. Eg vil feia jorda vekk og gjera henne til nake berg.
5
Ein tørkeplass for fiskegarn skal ho bli, midt i havet, for eg har tala, seier Herren GUD. Ho skal bli eit bytte for folkeslaga.
6
Døtrene ute på marka skal bli drepne med sverd. Dei skal kjenna at eg er HERREN.
7
For så seier Herren GUD: Sjå, frå nord sender eg Nebukadnesar mot Tyros, Babels konge, kongen over kongar, med hestar, vogner og ryttarar, ein hær av folk.
8
Døtrene dine ute på marka skal han slå i hel med sverd. Han skal byggja skansar, kasta opp ein voll og reisa ein mur av skjold mot deg.
9
Så støyter han rambukken mot murane dine, med våpen bryt han tårna ned.
10
Han har så mange hestar at støvet frå dei dekkjer deg. Av larmen frå ryttarar, hjul og vogner rister murane dine når han dreg inn gjennom portane slik dei rykkjer inn i ein hærteken by.
11
Med hovane av sine hestar trakkar han alle gater sund. Han drep folket ditt med sverd, kraftige søyler styrtar til jorda.
12
Dei røvar rikdomen din og tek varene til krigsbytte. Dei bryt murane ned og riv kostbare hus. Stein, tre og jord kastar dei på sjøen.
13
Eg gjer eg slutt på lyden av songane dine, klangen av lyrer skal ikkje høyrast.
14
Eg gjer deg til eit nake berg. Ein tørkeplass for fiskegarn skal du bli. Du skal ikkje byggjast opp att, for eg, HERREN, har tala, seier Herren GUD.
15
Så seier Herren GUD til Tyros: Sanneleg, kystane skal skjelva ved drønnet når du fell, når dei såra stønnar, når slaktinga set i gang hos deg.
16
Då skal alle fyrstane ved havet stiga ned frå trona, leggja kappa bort og ta av seg dei fargerike kleda. Dei kler seg i redsle og set seg på jorda. Dei skjelv stadig, slegne av skrekk på grunn av deg.
17
Dei stemmer i ei likklage og seier om deg: Korleis kunne du gå til grunne, du som fekk ditt folk frå havet, den lovprisa byen som var mektig på sjøen, byen og hennar innbyggjarar som spreidde redsle blant alle som bur der.
18
No skjelv kystane, det er dagen for ditt fall, øyane i havet blir slegne av skrekk over den enden du fekk.
19
Så seier Herren GUD: Når eg gjer deg til ein herja by, lik byar det ikkje bur folk i, når eg lèt havdjupet slå inn over deg og veldige vatn dekkjer deg,
20
då fører eg deg ned til dei som har gått i grav, ned til folk frå fortida. Eg lèt deg bu i landet der nede, det liknar ruinar frå gammal tid, saman med dei som har gått i grav, så du ikkje vender attende og får plass i landet til dei levande.
21
Eg gjer deg til skremsel, du skal ikkje vera meir. Dei skal leita etter deg, men du skal aldri meir bli funnen, seier Herren GUD.
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 27 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48