bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 6
Ezekiel 6
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 7 →
1
HERRENS ord kom til meg:
2
Menneske, vend andletet mot fjella i Israel og tal profetord mot dei!
3
Du skal seia: Israels fjell, høyr ordet frå Herren GUD! Så seier Herren GUD til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Sjå, eg lèt sverd koma over dykk og gjer ende på offerhaugane.
4
Altara dykkar skal øydeleggjast og røykjelsesaltara knusast. Og dei drepne slengjer eg ned framfor avgudane dykkar.
5
Lika av israelittane legg eg framfor avgudane og spreier knoklane rundt altara.
6
Kvar de så bur, skal byane leggjast i ruinar og offerhaugane bli forlatne, så altara dykkar blir lagde i ruinar og forlatne. Avgudane dykkar blir knuste og finst ikkje meir. Røykjelsesaltara blir hogne ned, og alt de har laga, sletta ut.
7
Dei drepne blir slengde midt mellom dykk. Då skal de kjenna at eg er HERREN.
8
Men eg lèt ein rest bli att. Dei av dykk som har sloppe unna sverdet, skal leva mellom folkeslaga, de skal spreiast rundt om i landa.
9
Då skal dei som slapp unna, hugsa på meg mellom folkeslaga dei er bortførte til. Eg knuser dei trulause hjarta til dei som forlét meg, og dei trulause auga til dei som følgde avgudane. Dei skal avsky seg sjølve for det vonde dei har gjort, for alt som er avskyeleg hos dei.
10
Og dei skal kjenna at eg er HERREN. Det er ikkje for ingenting eg har tala om å gjera dette vonde mot dei.
11
Så seier Herren GUD: Slå hendene saman og tramp med foten, rop ve over alt det vonde og avskyelege i Israels hus. Dei skal bli offer for sverd og svolt og pest.
12
Den som er langt borte, skal døy av pest, og den som er nær ved, skal falla for sverd. Men den som er att og er berga, skal døy av svolt. Eg vil tømma all min harme ut over dei.
13
Då skal de kjenna at eg er HERREN, når dei drepne ligg midt mellom avgudane rundt altara på kvar høg haug, på kvar fjelltopp, under kvart frodig tre og kvar lauvrik eik, på kvar stad der dei brende velluktande røykjelse for alle avgudane sine.
14
Eg vil strekkja handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei øydemark meir aud enn Dibla-ørkenen. Då skal dei kjenna at eg er HERREN.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48