bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 8
Ezekiel 8
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 9 →
1
Det var i det sjette året, på den femte dagen i den sjette månaden, medan eg sat heime og dei eldste i Juda sat framfor meg. Då kom Herren GUDS hand over meg der.
2
Eg såg, og sjå! — ein som likna ein mann å sjå til. Frå det som såg ut som hoftene og nedover, var det eld, og frå hoftene og oppover såg det ut som ein stråleglans, som skinande metall.
3
Han rette ut noko med form som ei hand og tok tak i hårluggen min. I syn frå Gud lyfte ånda meg opp mellom jord og himmel og tok meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit bilete som gjorde Gud brennande sjalu.
4
Og sjå, der var herlegdomen til Israels Gud, som i synet eg hadde sett i dalen.
5
Han sa til meg: «Menneske, lyft auga mot nord!» Eg lyfte auga mot nord, og sjå! — ved inngangen, nord for altarporten, stod dette biletet som gjorde Gud sjalu.
6
Han sa til meg: «Menneske, ser du alt det avskyelege israelittane held på med her? Det driv meg langt bort frå min heilagdom. Men du skal få sjå noko som er endå meir avskyeleg.»
7
Så tok han meg med til porten som fører inn til føregarden i tempelet. Og sjå! — eit hol i veggen.
8
Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Eg braut meg gjennom veggen, og sjå! — ei dør.
9
Og han sa til meg: «Gå inn og sjå alt det vonde og avskyelege som dei driv med der.»
10
Eg gjekk inn. Eg såg, og sjå! — teikningar av krypdyr og kveg og alle Israels avgudar, motbydelege ting, var rissa inn overalt rundt om på veggene.
11
Framfor dei stod sytti mann av dei eldste i Israels hus, og midt mellom dei Jaasanja, son til Sjafan. Kvar av dei hadde ei røykjelsesskål i handa, og ein ange steig opp frå røykjelsesskya.
12
Då sa han: «Menneske, har du sett kva dei eldste i Israel driv med i mørkret, i romma der dei har gudebiletet sitt? HERREN ser oss ikkje, seier dei, han har forlate landet.
13
Men du skal få sjå endå meir avskyelege ting som dei driv med», sa han til meg.
14
Så tok han meg med bort til den porten som fører inn i HERRENS hus på nordsida. Og sjå, der sat kvinnene og gret over Tammus.
15
Då sa han til meg: «Har du sett det, menneske? Men du skal få sjå noko som er meir avskyeleg enn dette.»
16
Så førte han meg til den indre føregarden i HERRENS hus. Og der, attmed inngangen til HERRENS tempel, mellom forhallen og altaret, stod om lag tjuefem mann med ryggen mot HERRENS tempel og andletet vendt mot aust. Dei bøygde seg mot aust og tilbad sola.
17
Då sa han til meg: «Har du sett det, menneske? Er det ikkje nok at Judas hus driv med alt det avskyelege som dei gjer her? For dei fyller landet med vald, og slik gjer dei meg rasande. Sjå korleis dei held vinranka opp framfor nasen.
18
Så vil eg òg gripa inn i vreide. Eg viser inga medkjensle, eg sparer dei ikkje. Om dei ropar aldri så høgt i øyret på meg, høyrer eg ikkje på dei.»
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 9 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48