bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 41
Ezekiel 41
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 40
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 42 →
1
Han førte meg inn i tempelhallen og målte pilarane der. Dei var seks alner breie på kvar side.
2
Døropninga var ti alner brei, og veggene på kvar side var fem alner. Han målte hallen; han var førti alner lang og tjue alner brei.
3
Så gjekk han inn i det indre rommet og målte pilarane attmed døropninga til to alner. Opninga var seks alner og sideveggene sju alner breie.
4
Han målte lengda av rommet til tjue alner og breidda mot hallen til tjue alner. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»
5
Han målte tempelveggen; han var seks alner tjukk. Breidda på sidebygget som låg rundt heile tempelet, var fire alner.
6
Sideromma låg i tre høgder, det eine over det andre, i alt tretti. Dei låg inn mot tempelveggen. I tempelveggen var det framspring som feste for sideromma omkring. Ikkje noko feste gjekk inn i sjølve tempelveggen.
7
Ein brei gang gjekk rundt og opp til sideromma. For gangen steig omkring tempelbygningen. Difor vart bygningen brei i høgda. Slik kom ein nedanfrå og heilt opp gjennom den mellomste høgda.
8
Eg såg at grunnen var bygd noko høgare rundt tempelet til fundament for sideromma. Han målte ei heil målestong, seks alner, ut til kanten.
9
Ytterveggen i sideromma var fem alner tjukk. Mellom sideromma ved tempelet
10
og dei andre romma var det ein open plass, tjue alner brei. Han gjekk rundt heile tempelet.
11
Sideromma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren omkring plassen var fem alner tjukk.
12
Bygningen som vende mot den inngjerda plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.
13
Han målte tempelet. Det var hundre alner langt. Den inngjerda plassen med bygning og vegger var òg hundre alner lang.
14
Framsida på tempelet og den inngjerda plassen mot aust var i alt hundre alner brei.
15
Så målte han lengda av bygningen ut mot den inngjerda plassen på baksida. Med avsatsane på begge sider var det i alt hundre alner. Den indre tempelhallen og forhallen ut mot føregarden
16
hadde tak. Langs dei bordkledde gangane over fundamentet var det tronge vindauge i dei tre høgdene. Veggene var bordkledde frå bakken opp til vindauga
17
og over døropninga. Både i og utanfor tempelet, overalt på veggene inne og ute, var det felt med
18
bilete av kjerubar og palmar, éin palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet.
19
Eit menneskeandlet var vendt mot palmen frå den eine sida og eit løveandlet frå den andre. Slike bilete var det overalt i tempelet.
20
Frå bakken til opp over døra var det bilete av kjerubar og palmar på veggene i tempelhallen.
21
Tempelhallen hadde firkanta dørstolpar. Framfor det heilage rommet var det noko som kunne sjå ut som
22
eit altar av tre, tre alner høgt og to alner langt. Det hadde hjørne, sokkel og vegger av tre. Han sa til meg: «Dette er det bordet som står framfor HERRENS andlet.»
23
Tempelhallen hadde to dører, og det heilage rommet
24
hadde to dører. Dei hadde to svingbare blad, to blad på kvar dør.
25
På dørblada til tempelhallen var det bilete av kjerubar og palmar, slik som på veggene. På utsida av forhallen var det ein himling av tre.
26
Det var tronge vindauge og palmeornament på begge sider i forhallen, i sideromma rundt tempelet og på himlingane.
← Chapter 40
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 42 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48