bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ezekiel 29
Ezekiel 29
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 30 →
1
Det var i det tiande året, på den tolvte dagen i den tiande månaden, at HERRENS ord kom til meg:
2
Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og heile Egypt.
3
Tal og sei: Så seier Herren GUD: Sjå, eg kjem over deg, farao, konge over Egypt, store uhyre som ligg roleg i elvane, du som seier: «Nilen er mi, eg har laga ho sjølv.»
4
Eg set krokar i kjakane på deg og klistrar fisk frå elvane dine fast til skjela dine. Eg dreg deg opp or elvane, og all fisk frå elvane klistrar seg fast til skjela dine.
5
Eg slengjer deg ut i ørkenen, deg og all fisken frå elvane. Du skal bli liggjande på marka, og ingen kan samla eller sanka deg saman. Eg gjev deg til føde for villdyra på jorda og for fuglane under himmelen.
6
Då skal alle som bur i Egypt, kjenna at eg er HERREN, for dei har vore ein røyrstav for Israels hus.
7
Når dei grip deg i handa, blir du knekt, men du flengjer armen på dei. Når dei stør seg på deg, blir du knust, men du gjer alle hofter kraftlause.
8
Difor seier Herren GUD: Sjå, eg lèt sverd koma over deg, eg ryddar ut både menneske og dyr.
9
Egypt skal bli øydemark og ørken, dei skal kjenna at eg er HERREN. Farao sa: «Nilen er mi, eg har laga henne.»
10
Difor kjem eg mot både deg og elvane dine, eg gjer Egypt til ruinrøys og øydemark, frå Migdol til Syene, til grensa mot Kusj.
11
Der skal menneskefot ikkje trø og dyrefot ikkje trakka. Ingen skal bu der på førti år.
12
Eg gjer Egypt til ei øydemark mellom land som er lagde i øyde. Byane skal liggja øydde mellom ruinbyar i førti år. Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga og strør dei ut i landa.
13
Men så seier Herren GUD: Etter førti år vil eg samla egyptarane frå folka dei er spreidde imellom.
14
Då vender eg lagnaden for egyptarane. Eg fører dei tilbake til Patros, landet dei kom ifrå. Der skal dei bli til eit lite kongerike.
15
Det skal bli mindre enn andre rike og aldri meir lyfta seg over folkeslaga. Eg lèt dei bli så få at dei ikkje kan herska over andre.
16
Hos dei skal israelittane aldri meir søkja tilflukt. Dei skal vedkjennast si skuld fordi dei vende seg til egyptarane. Dei skal kjenna at eg er Herren GUD.
17
Det var i det tjuesjuande året, på den første dagen i den første månaden. HERRENS ord kom til meg:
18
Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babel, har late hæren sin streva hardt mot Tyros. Kvart hovud er snaua, kvar skulder er flådd. Men verken han eller hæren har fått løn av Tyros for alt strevet.
19
Difor seier Herren GUD: Sjå, no gjev eg Egypt til Nebukadnesar, kongen i Babel. Han skal føra bort rikdomane, plyndra og røva og ta bytte og rov. Det skal hæren hans ha i løn.
20
Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg i landet, seier Herren GUD.
21
Den dagen lèt eg eit horn veksa fram i Israels hus. Og eg opnar din munn midt imellom dei. Dei skal kjenna at eg er HERREN.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48