bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 1
Jeremiah 1
Norwegian 1938
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 2 →
1
Ord av Jeremias Hilkiasson, ein av prestane i Anatot i Benjaminslandet.
2
Til han kom Herrens ord i dei dagane då Josias Amonsson var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,
3
og sidan i dei dagane då Jojakim Josiasson var konge i Juda, alt til slutten av det ellevte styringsåret åt Sedekias Josiasson, Juda-kongen, då Jerusalems-buane vart burtførde i den femte månaden.
4
Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
5
Fyrr eg skapte deg i morslivet, kjende eg deg, og fyrr du kom ut or morsfanget, helga eg deg; til profet åt folki sette eg deg.
6
Men eg sa: Å, Herre, Herre! Sjå, eg kann ikkje med å tala; for eg er so ung.
7
Då sa Herren til meg: Seg ikkje: Eg er so ung! Men til alle som eg sender deg til, skal du ganga, og alt det eg byd deg, skal du tala.
8
Ikkje ottast dei! For eg er med deg og vil berga deg, segjer Herren.
9
Og Herren rette ut handi og tok på munnen min. So sa Herren til meg: Sjå, eg legg ordi mine i din munn.
10
Sjå, eg set deg i dag yver folki og yver kongeriki til å rykkja upp og riva ned, til å tyna og brjota ned, til å byggja og til å planta.
11
Herrens ord kom til meg; det lydde so: Kva ser du, Jeremias? Eg svara: Ein stav av vake-treet ser eg.
12
Då sa Herren til meg: Gløgt såg du no; for vaka vil eg yver mitt ord, so eg set det i verk.
13
So kom Herrens ord til meg andre gongen: Kva ser du? Eg svara: Ei kokande gryta ser eg; og nordantil snur ho seg hit.
14
Då sa Herren til meg: Nordantil kjem ulukka sendande yver alle som bur i landet.
15
For sjå, eg kallar på kvar ei folkeætt i riki der nord, segjer Herren, og dei skal koma og setja kvar sin stol attmed inngangen til portane i Jerusalem og mot alle murane um det rundt ikring og mot alle byane i Juda.
16
Og eg vil segja mine domar yver dei for all deira vondskap, av di dei vende seg frå meg og brende røykjelse for andre gudar og tilbad dei verk deira hender gjorde.
17
Men du - gyrd dine lender og statt upp og tala til dei alt det som eg byd deg! Ikkje ver redd dei, so ikkje eg skal gjera deg redd dei!
18
Og sjå, eg gjer deg i dag til ei fast borg og til ein jarnstolpe og til ein koparmur mot alt landet: mot kongane i Juda, mot hovdingane, mot prestane og mot lyden i landet;
19
dei skal strida mot deg, men ikkje vinna på deg; for eg er med deg, segjer Herren, og skal berga deg.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52