bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 43
Jeremiah 43
Norwegian 1938
← Chapter 42
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 44 →
1
Men då Jeremias var ferdig med å tala til alt folket alle Herrens, deira Guds ord, som Herren deira Gud hadde sendt han med til dei - alle desse ordi,
2
då sa Asarja Hosajason og Johanan Kareahsson og alle dei ovmodige mennene, dei sa til Jeremias: Det er lygn det du segjer: Herren vår Gud hev ikkje sendt deg og sagt: De skal ikkje fara til Egyptarland og bu der.
3
Men Baruk Nerijason eggjar deg upp imot oss, so me skal verta gjevne i hendene på kaldearane, og dei skal drepa oss eller føra oss burt til Babel.
4
Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingane og alt folket vilde ikkje høyra på Herrens røyst og vera i Judalandet.
5
Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingane tok alle som var att av Juda, dei som var komne heim att frå alle heidningefolki som dei hadde vore burtdrivne til, og vilde bu i Judalandet,
6
mennene og kvinnone og småborni og kongsdøtterne og kvart eit liv som Nebusaradan, hovdingen for livvakti, hadde late vera att hjå Gedalja, son åt Akikam Safansson, og like eins profeten Jeremias og Baruk Nerijason,
7
og for til Egyptarlandet, for dei høyrde ikkje på Herrens røyst; og so kom dei fram til Tahpanhes.
8
Og Herrens ord kom til Jeremias i Tahpanhes; det lydde so:
9
Tak deg nokre store steinar i handi og gøym dei i leiret attmed tiglomnen som stend ved inngangen til huset åt Farao i Tahpanhes, og lat nokre menner frå Juda sjå på det!
10
Seg so til dei: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Sjå eg sender bod og hentar min tenar Nebukadnesar, Babel-kongen, og set kongsstolen hans uppå desse steinane som eg hev gøymt, og han skal breida sitt drustelege teppe utyver dei.
11
Og han skal koma og slå Egyptarlandet; den som er etla åt dauden, lyt døy, og den som er etla til fange, vert fange, og den som er etla åt sverdet, lyt falla for sverd.
12
Og eg vil setja eld på gudetempli i Egyptarland, og han skal brenna dei upp og føra gudane burt; han skal sveipa Egyptarlandet um seg, liksom hyrdingen sveiper kappa si um seg, og sidan skal han fara derifrå i fred.
13
Og han skal krasa steinsulone i Betsemes i Egyptarlandet, og templi i Egyptarland skal han brenna upp.
← Chapter 42
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 44 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52