bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 28
Jeremiah 28
Norwegian 1938
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 29 →
1
Same året, i den fyrste tidi Sedekias Josiasson var konge i Juda, i det fjorde året, i femte månaden, sa Hananja Assursson, profeten frå Gibeon, til meg i Herrens hus so prestane og alt folket høyrde det:
2
So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Eg hev brote sund Babel-kongens åk.
3
Um tvo år vil eg føra attende til denne staden alle dei gognene i Herrens hus som Nebukadnesar, Babel-kongen, tok frå denne staden og førde til Babel.
4
Og Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og alle hine burtførde frå Juda som er komne til Babel, fører eg attende til denne staden, segjer Herren; for eg bryt sund Babel-kongens åk.
5
Då svara profeten Jeremias profeten Hananja so dei høyrde det både prestane og alt folket som stod i Herrens hus -
6
profeten Jeremias sa: Amen! Det gjere Herren! Herren setje i verk det som du hev spått, so han fører attende frå Babel til denne staden gognene i Herrens hus og alle dei burtførde!
7
Men høyr no det ordet som eg talar for øyro på deg og alt folket:
8
Dei profetane som hev vore fyre meg og deg frå ævordsleg tid, dei spådde mot mange land og store rike um ufred og ulukka og sott.
9
Den profeten som spår um fred - når ordi åt den profeten sannar seg, då kann alle sjå at Herren i sanning hev sendt den profeten.
10
Då tok profeten Hananja åket av nakken på profeten Jeremias og braut det sund.
11
Og Hananja sa so alt folket høyrde det: So segjer Herren: Soleis vil eg um tvo år brjota sund Nebukadnesars, Babel-kongens, åk og taka det av nakken på alle folki. Då gjekk profeten Jeremias sin veg.
12
Men etter profeten Hananja hadde brote sund åket og teke det av nakken på profeten Jeremias, kom Herrens ord til Jeremias, og det lydde so:
13
Gakk og seg til Hananja: So segjer Herren: Eit tre-åk hev du brote sund, men att-istaden hev du laga eit jarn-åk.
14
For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Eit jarn-åk hev eg lagt på nakken åt alle desse folkeslagi, so dei skal tena Nebukadnesar, Babel-kongen, og dei lyt tena han; ja, jamvel dyri på marki hev eg gjeve han.
15
Då sa profeten Jeremias til profeten Hananja: Høyr no, Hananja! Herren hev ikkje sendt deg, men du hev fenge dette folket til å lita på lygn.
16
Difor segjer Herren so: Sjå, eg tek deg burt frå jordi; i dette året skal du døy, for di du hev preika fråfall frå Herren.
17
Og profeten Hananja døydde same året, i sjuande månaden.
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 29 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52