bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 22
Jeremiah 22
Norwegian 1938
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 23 →
1
So sa Herren: Gakk ned til Juda-kongens hus og tala der dette ordet:
2
Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids kongsstol, du sjølv og tenarane dine og folket ditt, de som gjeng inn gjenom desse portane!
3
So segjer Herren: Gjer rett og rettferd, berga ut or valdsmanns hand den som er utplundra, og far ikkje fram med urett og vald mot den framande, den farlause og enkja, og renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden!
4
For um de gjer etter dette ordet, då skal kongar som sit på Davids kongsstol, koma inn gjenom portane til dette huset på vogner og hestar - kongen sjølv og tenarane hans og folket hans.
5
Men um de ikkje høyrer på desse ordi, då sver eg ved meg sjølv, segjer Herren, at dette huset skal verta lagt i øyde.
6
For so segjer Herren um Juda-kongens hus: Eit Gilead er du for meg, ein tind på Libanon; men sanneleg, eg vil gjera deg til ei øydemark, til byar der ingen bur.
7
Og eg vil vigja tynarar mot deg, kvar med sine våpen, og dei skal hogga dei gilde sedertrei dine og kasta dei på elden.
8
Og mange heidningfolk skal ganga framum denne byen og segja til kvarandre: Kvi hev Herren fare soleis åt med denne store byen?
9
Og dei skal svara: For di dei vende seg frå Herrens, sin Guds pakt og tilbad andre gudar og tente dei.
10
Gråt ikkje yver ein avliden og barma dykk ikkje for han! Gråt yver han som burt er faren! For han skal ikkje meir koma att og sjå sitt fødeland.
11
For so segjer Herren um Sallum Josiasson, Juda-kongen, som vart konge etter Josias, far sin, og som fór burt frå denne staden: Han skal ikkje meir koma hit att;
12
men på den staden som dei førde han fange til, der skal han døy, og dette landet skal han ikkje meir få sjå att.
13
Usæl han som byggjer sitt hus med urettferd og sine salar med urett, som let sin næste træla for inkje og ikkje gjev han løni hans,
14
som segjer: Eg vil byggja meg eit romt hus og luftige salar, og som høgg seg ut vindaugo på det og klæder det med sedertre og målar det med raudmåling.
15
Er du konge for di du kann kappbyggja i sedertre? Far din - åt han ikkje og drakk og gjorde rett og rettferd? Då gjekk det han vel.
16
Han hjelpte armingen og fatigmannen til hans rett; då gjekk det vel. Er ikkje slikt å kjenna meg? segjer Herren.
17
Men augo dine og hjarta ditt stend ikkje etter anna enn etter vinning og etter å renna ut skuldlaust blod og etter å fara med valdsverk og trælking.
18
Difor segjer Herren so um Jojakim Josiasson, Juda-kongen: Dei skal ikkje halda syrgjehøgtid etter han og ropa: Ai, bror min! Ai, syster mi! Dei skal ikkje halda syrgjehøgtid etter han og ropa: Ai, Herre! Ai, hans herlegdom!
19
Liksom ein jordar eit asen, skal han verta jorda; dei skal draga han ut og slengja han burt langt utanfor Jerusalemsportane.
20
Stig upp på Libanon og ropa, og lat røysti di ljoma i Basan og ropa frå Abarim! For alle elskarane dine er sundkrasa.
21
Eg tala til deg medan det gjekk deg vel; men du sa: Eg vil ikkje høyra. Det var visi di alt frå din ungdom at du ikkje høyrde på mi røyst.
22
Alle førarane dine skal vinden føra burt, og elskarane dine skal verta fangar; ja, då skal du verta skjemd og til skammar for all vondskapen din.
23
Du som bur på Libanon, som hev reiret ditt i sedertrei, å, kor du skal stynja når du fær rider, flagor som kvinna i barnsnaud!
24
So visst som eg lever, segjer Herren, um so du Konja Jojakimsson, Juda-konge, var ein signetring på høgre handi mi, vilde eg riva deg derifrå.
25
Og eg vil gjeva deg i hendene på dei som stend deg etter livet, og i hendene på dei som du reddast, i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, og i hendene på kaldearane.
26
Og eg vil slengja deg og mor di som fødde deg, burt til eit anna land, der som de ikkje er fødde, og der skal de døy.
27
Men til det landet som dei stundar å koma attende til, dit att skal dei aldri koma.
28
Er då denne mannen Konja ei vanvyrd, sundslegi leirkrukka, eller eit kjerald som ingen bryr seg um? Kvifor er dei burtkasta, han og ætti hans, og slengde burt til det landet som dei ikkje kjende?
29
Land, land, land, høyr Herrens ord!
30
So segjer Herren: Skriv upp denne mannen barnlaus, ein uheppen mann all sin dag! For ingen av ætti hans skal meir få lukka til å sitja i Davids kongsstol og råda yver Juda.
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 23 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52