bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 25
Jeremiah 25
Norwegian 1938
← Chapter 24
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 26 →
1
Dette er det ordet som kom til Jeremias um heile Juda-folket i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiasson, Juda-kongen, det er fyrste styringsåret åt Nebukadnesar, Babel-kongen,
2
og som profeten Jeremias tala til heile Juda-folket og til alle Jerusalems-buane:
3
Frå det trettande styringsåret åt Josias Amonsson, Juda-kongen, og alt til denne dag, no i tri og tjuge år, hev Herrens ord kome til meg, og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de vilde ikkje høyra.
4
Og Herren sende til dykk alle tenarane sine, profetane, jamt og samt, men de vilde ikkje høyra og la ikkje øyra til so de kunde høyra.
5
Han sa: Vend um, kvar og ein frå sin vonde veg, og frå dykkar vonde åtferd! So skal de få bu i det landet som Herren gav dykk og federne dykkar, frå æva og til æva.
6
Fylg ikkje andre gudar, so de tener og tilbed dei, og gjer meg ikkje harm med slikt som hendene dykkar hev gjort, so eg ikkje skal gjera dykk noko vondt!
7
Men de lydde ikkje på meg, segjer Herren, de harma meg med slikt som hendene dykkar hev gjort, til ulukka for dykk sjølve.
8
Difor, segjer Herren, allhers Gud, so: Av di de ikkje lydde på mine ord,
9
sjå, so sender eg bod etter alle folkeslagi i Nordheimen og fær dei hit, segjer Herren, og etter Nebukadnesar, tenaren min, og eg let dei koma yver dette landet og yver dei som bur her, og yver alle desse folkeslagi rundt ikring, og eg bannstøyter dei og gjer dei til ein fælske og ei spott og landet deira til ævelege audner,
10
og eg gjer det audt hjå dei for fagnadsrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, handkvern-dur og lampeljos.
11
Og heile dette landet skal verta til audn og øydemark, og desse folkeslagi skal tena Babel-kongen i sytti år.
12
Men når sytti år er lidne, vil eg heimsøkja Babel-kongen og folket der for deira misgjerning, segjer Herren, og Kaldearlandet vil eg heimsøkja og gjera det til ævelege øydemarker.
13
Og eg vil lata koma yver det landet alle dei ord som eg hev tala um det, alt som er skrive i denne boki, det som Jeremias hev spått um alle folkeslagi.
14
For mange folkeslag og store kongar skal gjera dei og til trælar, og eg vil gjeva dei lika for deira verk og for det hendene deira hev gjort.
15
For so sa Herren, Israels Gud, til meg: Tak dette staupet med vreide-vin or mi hand og lat alle folkeslagi som eg sender deg til, drikka av det!
16
Og dei skal drikka og raga og rasa for det sverdet som eg sender ibland dei.
17
Eg tok då staupet or Herrens hand og let alle dei folki drikka som han sende meg til:
18
Jerusalem og byane i Juda og kongane og hovdingane der for å gjera dei til audn og øydemark, til ei spott og til ei forbanning, so som det er på denne dag;
19
Farao, egyptarkongen, og hans tenarar og hovdingar og heile folket hans
20
og alt blandingsfolket hans og alle kongane i Us-landet og alle kongane i Filistarlandet og Askalon og Gasa og Ekron og det som er att av Asdod,
21
Edom og Moab og Ammons-borni
22
og alle kongane i Tyrus og alle kongane i Sidon og kongane på havstrendene, burtanfor havet,
23
Dedan og Tema og Bus og alle med rundklypt hår
24
og alle kongane i Arabia og alle kongane yver blandingsfolket som bur i øydemarki,
25
og alle kongane i Simri og alle kongane i Elam og alle kongane i Media
26
og alle kongane i Nordheimen, dei nærbuande og dei burtlengste, ein med hin, ja, alle riki i verdi utyver jordflata; og Sesak-kongen skal drikka etter dei.
27
Og du skal segja til dei: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Drikk til de vert drukne og spyr, og dett so de ikkje kann standa upp att - for sverdet som eg sender imillom dykk!
28
Men vil dei ikkje taka staupet or di hand og drikka, då skal du segja til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Drikka skal de.
29
For sjå, eg let ulukka fyrst råma den byen som er uppkalla etter mitt namn - og so skulde de sleppa urefste? Nei, de skal ikkje sleppa urefste; for sverd byd eg ut imot alle som bur på jordi, segjer Herren, allhers Gud.
30
Og du skal kunngjera for dei alle desse profetordi og segja til dei: Herren skal bura frå høgdi og lata si røyst ljoma frå sin heilage bustad; ja, han skal stor-bura yver sitt beiteland, setja i med eit rop liksom når dei trøder vinpersa, imot alle som bur på jordi.
31
Det omar av ein dun alt til endene av jordi, for Herren hev ei tretta med folki, han gjeng til doms med alt kjøt; han let sverdet få dei ugudlege, segjer Herren.
32
So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, ei ulukka gjeng ut frå folk til folk, og eit brotver kjem frå dei ytste endane av jordi.
33
Og dei som Herren hev drepe, skal den dagen liggja der frå eine enden av jordi til hin; ingen skal gråta yver dei eller samla dei i hop og jorda dei; til møk utyver marki skal dei verta.
34
Barma dykk, de hyrdingar, og ropa og velt dykk i moldi, de gjævingar i hjordi! For tidi til å slakta dykk er komi, og eg vil spreida dykk, og de skal detta ned liksom eit dyrverdigt kjerald.
35
Då skal ikkje hyrdingane hava nokor livd lenger, og gjævingane i hjordi skal ikkje finna berging.
36
Høyr kor hyrdingane ropar, kor gjævingane i hjordi øyar seg! For Herren øyder beitemarki deira,
37
og dei fredfulle engjane vert aude for Herrens brennande vreide.
38
Som ei ungløva stig han fram or si kjørr; ja, landet deira vert til ei audn for det herjande sverdet og for hans brennande vreide.
← Chapter 24
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 26 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52