bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 35
Jeremiah 35
Norwegian 1938
← Chapter 34
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 36 →
1
Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren på den tidi Jojakim Josiasson var konge i Juda:
2
Gakk til Rekabs-ætti og tala til dei og kom med dei til Herrens hus, inn i ein av kovane, og gjev dei vin å drikka!
3
Då tok eg Ja'asanja, son åt Jirmeja Habasinjason, og brørne hans og alle sønene hans og heile Rekabs-ætti
4
og hadde dei med til Herrens hus, inn i koven åt sønene til gudsmannen Hanan Jigdaljason, den som låg jamsides med hovdingkoven, uppe yver koven åt Ma'aseja Sallumsson, dørvaktaren.
5
Og eg sette fram for Rekabs-ætti skåler fulle av vin, og staup. So sa eg til dei: Drikk vin!
6
Men dei sa: Me drikk ikkje vin; for Jonadab Rekabsson, far vår, hev gjeve oss det påbodet: De skal aldri drikka vin, korkje de eller borni dykkar,
7
og de skal ikkje byggja hus og ikkje så korn og ikkje planta vinhage eller eiga noko sovore; men i tjeldbuer skal de bu alle dykkar dagar, so de kann leva lenge i det landet der de bur som utlendingar.
8
Og me lydde Jonadab Rekabsson, far vår, i alt det han bad oss um - at me aldri skulde drikka vin, korkje me eller konone våre eller sønene våre eller døtterne våre,
9
og ikkje byggja oss hus til å bu i og ikkje hava vinhage eller åker og ikkje så korn.
10
Me budde i tjeldbuer og var lydige og gjorde alt det som Jonadab, far vår, hadde bede oss um.
11
Men då Nebukadnesar, Babel-kongen, kom farande upp i landet, då sa me: Kom og lat oss fara til Jerusalem, so me kann sleppa undan kaldearheren og syrarheren! So sette me då bu i Jerusalem.
12
Då kom Herrens ord til Jeremias, og det lydde so:
13
So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Gakk og seg til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Vil de ikkje taka age og lyda mine ord? segjer Herren.
14
Bodi åt Jonadab Rekabsson er haldne, dei som han gav borni sine, at dei ikkje skulde drikka vin, og alt til denne dag hev dei ikkje drukke vin, men lydt påbodet frå far sin. Og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de hev ikkje lydt meg.
15
Og jamt og samt sende eg til dykk alle tenarane mine, profetane, og sa: Vend um, kvar frå sin vonde veg, og lat gjerningane dykkar betrast og fylg ikkje andre gudar, so de tener dei! So skal de få bu i det landet som eg hev gjeve dykk og federne dykkar. Men de la ikkje øyra til og lydde meg ikkje.
16
Ja, Jonadab Rekabssons born hev halde dei bodi som far deira gav dei; men dette folket hev ikkje lydt meg.
17
Difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Sjå, eg let koma yver Juda og yver alle dei som bur i Jerusalem, all den ulukka som eg hev truga dei med, av di dei ikkje vilde høyra når eg tala til dei, og ikkje svara når eg ropa på dei.
18
Men til Rekabs-ætti sa Jeremias: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Av di de hev lydt påbodet frå Jonadab, far dykkar, og halde alle bodi hans og gjort i alle måtar som han baud dykk,
19
difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Aldri skal det vanta ein mann av Jonadab Rekabssons ætt som kann standa for mi åsyn.
← Chapter 34
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 36 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52