bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 27
Jeremiah 27
Norwegian 1938
← Chapter 26
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 28 →
1
I den fyrste tidi som Sedekias, Josiasson var konge i Juda, kom dette ordet til Jeremias frå Herren:
2
So sa Herren til meg: Gjer deg band og åk, og legg dei på nakken din!
3
Send dei so til kongen i Edom og til kongen i Moab og til kongen yver Ammons-borni og til kongen i Tyrus og til kongen i Sidon med dei sendemennene som kjem til Jerusalem til Sedekias, Juda-kongen,
4
og bed dei segja til herrane sine: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: So skal de segja til herrane dykkar:
5
Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store kraft og min strake arm, og eg gjev henne til den eg tykkjer er den rette.
6
Og no hev eg gjeve alle desse landi i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, tenaren min; jamvel dyri på marki hev eg gjeve han, so dei kann tena han.
7
Og alle folkeslagi skal tena han og sonen hans og sonesonen hans, til dess tidi for hans land og kjem; då skal mange folkeslag og store kongar gjera han til træl.
8
Og det folket og det riket som ikkje vil tena han, Nebukadnesar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja nakken sin under Babel-kongens åk, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg fær gjort ende på dei ved hans hand.
9
Og de no - lyd ikkje på profetane dykkar og spåmennene dykkar og på draumane dykkar og på varseltydarane og trollmennene dykkar, som segjer til dykk: De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!
10
For lygn er det dei spår åt dykk; so eg lyt flytja dykk frå landet dykkar og driva dykk burt, og de lyt ganga til grunns.
11
Men det folket som bøygjer nakken sin under Babel-kongens åk og tener han, det vil eg lata vera i fred i landet sitt, segjer Herren, so dei kann dyrka det og bu i det.
12
Og til Sedekias, Juda-kongen, tala eg alle dei same ordi og sa: Bøyg nakken dykkar under Babel-kongens åk og ten han og folket hans, so skal de få leva.
13
Kvi vil de døy, du og folket ditt, for sverd, av svolt og i sott, so som Herren hev tala um det folket som ikkje vil tena Babel-kongen?
14
Lyd ikkje på ordi åt dei profetane som segjer til dykk: De kjem ikkje til å tena Babel-kongen! For lygn er det dei spår åt dykk;
15
eg hev ikkje sendt dei, segjer Herren, men dei spår lygn i mitt namn, so eg lyt driva dykk burt og de lyt ganga til grunns, de og profetane som spår åt dykk.
16
Og til prestane og heile dette folket tala eg og sa: So segjer Herren: Lyd ikkje på ordi åt profetane dykkar når dei spår åt dykk og segjer: Sjå, gognene i Herrens hus vert no snart flutte heim att frå Babel! For lygn er det dei spår åt dykk.
17
Lyd ikkje på dei, men ten Babel-kongen, so skal de få leva. Kvi skal denne byen verta til ei audn?
18
Men er dei profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers Gud, at ikkje dei gognene som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, må koma til Babel.
19
For so segjer Herren, allhers Gud, um sulone, koparhavet, og fotstykki og alle hine treng som endå er att i denne byen,
20
dei som Nebukadnesar, Babel-kongen, ikkje tok då han førde Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, i utlægd frå Jerusalem til Babel i lag med alt storfolket i Juda og Jerusalem -
21
ja, so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, um dei gognene som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem:
22
Til Babel skal dei verta flutte, og der skal dei vera alt til den dagen eg ser etter dei, segjer Herren, og fører dei upp og let dei koma attende til denne staden.
← Chapter 26
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 28 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52