bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 20
Jeremiah 20
Norwegian 1938
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 21 →
1
Pashur Immersson, presten, som var yvertilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremias tala desse ordi.
2
Då slo Pashur profeten Jeremias og sette han i stokken i den øvre Benjaminsporten i Herrens hus.
3
Men dagen etter slepte Pashur Jeremias laus or stokken. Då sa Jeremias til han: Herren kallar deg ikkje Pashur, men Magor Missabib.
4
For so segjer Herren: Sjå, eg gjer deg til ei redsla for deg sjølv og for alle venene dine; dei skal falla for fiendesverd, og dine augo skal sjå det; og heile Juda vil eg gjeva i hendene på Babel-kongen, og han skal føra dei i utlægd til Babel og slå dei med sverd.
5
Og eg vil gjeva alt godset i denne byen og alt dei hev streva i hop, og alle deira eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira, og dei skal rana dei og taka dei og føra dei til Babel.
6
Og du, Pashur, og alle som bur i ditt hus, de skal verta fangar, og til Babel skal du koma, og der skal du døy, og der skal du verta gravlagd, du og alle venene dine, som du spådde lygn for.
7
Du lokka meg, Herre, og eg let meg lokka; du bruka makti på meg og vann; eg hev vorte til låtteløgje all dagen, alle so spottar dei meg.
8
For so ofte som eg talar, lyt eg skrika, um vald og tjon lyt eg ropa; for Herrens ord hev vorte meg til håd og spott all dagen.
9
Difor tenkte eg: Eg vil ikkje koma han i hug og ikkje lenger tala i hans namn. Men då vart det i hjarta mitt som ein logande eld, innestengd i mine bein, og eg møddest med å tola det, men kunde ikkje.
10
For eg høyrde mange baktala meg - redsla frå alle kantar; dei sa: Meld han! La oss ganga og melda han! Alle dei menner eg levde i fred med, gjætte på um eg ikkje skulde falla; dei sa: Kann henda let han seg lokka, so me kann vinna på han og hemna oss på han.
11
Men Herren er med meg lik ei veldig kjempa; difor skal forfylgjarane mine snåva og ikkje vinna; dei vert ovleg til skammar for di dei ikkje fór visleg åt - ei æveleg, ugløymande skjemsla.
12
Og Herren, allhers Gud, røyner med rettferd, han ser nyro og hjarta; eg skal få sjå din hemn yver dei, for eg hev lagt saki mi fram for deg.
13
Syng for Herren, lova Herren! For han hev fria sjeli åt armingen ut or hendene på illgjerningsmenner.
14
Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, vere ikkje velsigna!
15
Forbanna vere den mann som kom med gledebodet til far min: Du hev fenge ein son, og soleis gledde han storleg.
16
Med den mannen skal det ganga som med dei byane Herren støytte i koll utan medynk, og han skal høyra naudrop um morgonen og herrop ved høgstdags leite,
17
for di han ikkje drap meg alt i morslivet, so mor mi vart mi grav, og livet hennar æveleg fremmeleg.
18
Kvi kom eg då ut or morslivet til å sjå møda og sorg og enda mine dagar i skam?
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 21 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52