bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jeremiah 10
Jeremiah 10
Norwegian 1938
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 11 →
1
Høyr det ordet Herren hev tala til dykk, Israels hus!
2
So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningane, og reddast ikkje himmelteikni, endå um heidningane reddast dei!
3
For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd. Dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi;
4
med sylv og gull pryder dei det, med naglar og hamar fester dei det, so det ikkje skal stupa.
5
Som ei svarva sula er dei ting som vert laga, og dei kann ikkje tala; ein lyt bera dei, for dei kann ikkje ganga! Ikkje ottast dei! For dei kann ikkje gjera vondt, og å gjera godt hev dei heller ikkje makt til.
6
Ingen er din like, Herre! Du er stor, og namnet ditt er stort ved ditt velde.
7
Kven skulde ikkje ottast deg, du folke-konge! Det sømer seg; for millom alle vismenner hjå folki og i alle deira rike er ingen din like.
8
Men alle saman er dei uvituge og dårar. Ei fåfengeleg læra! Tre er det,
9
sylvplator, førde frå Tarsis, og gull frå Ufas, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender; klednaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle.
10
Men Herren er Gud i sanning; han er ein levande Gud og ein æveleg konge; for hans vreide bivrar jordi, og heidningfolki herder ikkje å standa for hans harm.
11
So skal de segja til dei: Dei gudar som ikkje hev gjort himmel og jord, dei skal kverva burt frå jordi og ikkje finnast under himmelen.
12
Han skapte jordi med si kraft, han grunnfeste heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.
13
Med sin toredun fær han vatni i himmelen til å dura, han let eim stiga upp frå enden av jordi, sender eldingar med regn og fører vind ut or gøymslone sine.
14
Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt utskorne bilete; for dei støypte bileti hans er berre lygn, det er ingi ånd i dei.
15
Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med dei.
16
Men han som er Jakobs arvlut, er ikkje lik dei; for det er han som hev skapt alt, og Israel er hans odelsætt; Herren, allhers Gud, er namnet hans.
17
Sanka godset ditt utor landet, du som bur i kringsette byar!
18
For so segjer Herren: Sjå, denne gongen vil eg slengja burt dei som bur i landet, og trengja dei so dei skal få kjenna det.
19
Eie meg for eit slag eg hev fenge! Ulækjande er mitt sår! Men eg segjer: Ja, dette er ei plaga som eg lyt bera.
20
Tjeldet mitt er øydelagt, og alle tjeldtogi mine er avslitne; borni mine er farne frå meg og er ikkje lenger til; det er ingen som heretter kann reisa tjeldet mitt og hengja upp tjelddukane mine.
21
For hyrdingane var uvituge og søkte ikkje Herren; difor for dei ikkje visleg åt, og heile hjordi deira vart spreidd.
22
Høyr, ein bodskap! Sjå, han kjem, og ein stor dun frå landet i nord, og Judabyane skal gjerast til ei audn, til eit sjakal-bøle.
23
Eg veit, Herre, at menneskja ikkje sjølv råder for sin veg, og at gangande mann ikkje hev makt til å styra sine steg.
24
Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg liten og arm!
25
Renn harmen din ut yver heidningane, som ikkje kjenner deg, og yver dei ætter som ikkje kallar på namnet ditt! For dei hev ete upp Jakob, ete han upp og gjort ende på han, og bustaden hans hev dei lagt i øyde.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52