bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 1
Jeremiah 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 2 →
1
Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamins-landet.
2
Herrens ord kom til han på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans.
3
Det kom òg til han på den tid då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og heilt til slutten av det ellevte året Sidkia, son til Josjia, styrte i Juda, det året då folket i Jerusalem vart bortført i den femte månaden.
4
Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
5
«Før eg forma deg i mors liv, ¬kjende eg deg, og før du vart fødd, ¬helga eg deg; til profet for folka sette eg deg.»
6
Men eg svara: «Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!»
7
Då sa Herren til meg: «Sei ikkje: Eg er så ung! Alle eg sender deg til, ¬skal du gå til, og alt det eg byd deg, ¬skal du tala.
8
Ver ikkje redd dei, for eg vil vera med deg ¬og berga deg,» lyder ordet frå Herren.
9
Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg: «Sjå, eg legg orda mine ¬i din munn.
10
Eg set deg i dag ¬over folk og rike til å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og bryta sund, til å byggja og planta.»
11
Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av vaketreet.»
12
Då sa Herren til meg: «Du såg rett; for eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»
13
Herrens ord kom til meg andre gongen: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte; ho hallar hit frå nord.»
14
Då sa Herren til meg: Frå nord skal ulukka ¬sleppast laus over alle som bur i landet.
15
For sjå, eg kallar på alle folk i rika der nord, seier Herren. Dei skal koma ¬og reisa kvar sin kongsstol beint framfor portane ¬i Jerusalem, mot alle murane ikring og mot alle byane i Juda.
16
Då vil eg døma dei ¬for all deira vondskap, fordi dei vende seg bort ¬frå meg, brende offer for andre gudar og tilbad ting ¬dei sjølve hadde laga.
17
Men du, spenn beltet om livet og stå fram og tal til dei alt det eg byd deg! Ver ikkje redd dei, elles gjer eg deg redd dei!
18
Sjå, eg gjer deg i dag ¬til ei fast borg, til ein jernstolpe ¬og ein bronsemur mot heile landet, mot kongane og ¬stormennene i Juda, mot prestane og folket ¬i landet.
19
Dei skal strida mot deg, ¬men ikkje vinna; for eg vil vera med deg ¬og berga deg, lyder ordet frå Herren.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52