bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 40
Jeremiah 40
Norwegian N 78 NN
← Chapter 39
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 41 →
1
Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at Nebusaradan, hovdingen over livvakta, hadde sleppt han fri i Rama. Han hadde henta han medan han var bunden med lekkjer mellom alle fangane frå Jerusalem og Juda som skulle førast bort til Babylonia.
2
Då livvakthovdingen henta Jeremia, sa han til han: «Herren din Gud har varsla den ulukka som kom over denne staden.
3
Og Herren gjorde som han hadde sagt. Han sende ulukka, fordi de synda mot Herren og ikkje ville høyra på han. Difor har dette hendt dykk.
4
I dag løyser eg lekkjene som hendene dine er bundne med. Vil du, kan du vera med meg til Babylon, og der skal eg ha tilsyn med deg. Men er du ikkje huga på å vera med, kan du la vera. Sjå, heile landet ligg ope for deg, og du kan gå der du synest det er best.»
5
Då Jeremia ikkje svara, heldt Nebusaradan fram: «Så vend tilbake til Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, som babylonarkongen har sett til styresmann over byane i Juda. Du kan bu hjå han mellom folket der eller gå der du helst vil.» Så gav livvakthovdingen han niste og gåver og lét han gå.
6
Jeremia fór til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa og vart buande hjå han, mellom dei som var att i landet.
7
Alle hærførarane som var spreidde kringom i landet, og mennene deira fekk høyra at babylonarkongen hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til å styra i landet; han hadde sett han over menn, kvinner og born og over den delen av småkårsfolket i landet som ikkje var bortført til Babylonia.
8
Hærførarane kom då med mennene sine til Gedalja i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan og Jonatan, sønene til Kareah, Seraja, son til Tanhumet, sønene til Efai frå Netofa og Jesanja, son til ma’akatitten.
9
Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde for å tena kaldearane! Ver i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel.
10
Eg vert buande i Mispa, så eg kan stå til ansvar for kaldearane når dei kjem til oss. Men de skal hausta vindruer, frukt og oliven og samla det i kjerald, og de kan bu i dei byane de har teke.»
11
Alle judearane som var i Moab, Ammon og Edom, og dei som var i alle andre land, fekk òg høyra at babylonarkongen hadde late ein rest vera att i Juda, og at han hadde sett Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til styresmann over dei.
12
Alle desse judearane tok då ut frå dei stadene dei var drivne bort til, og fór heim att til Juda. Dei kom til Gedalja i Mispa, og dei hausta inn vindruer og frukt i store mengder.
13
Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane kringom i landet, kom til Gedalja i Mispa
14
og sa til han: «Veit du at ammonittkongen Ba’alis har sendt Ismael, son til Netanja, for å drepa deg?» Men Gedalja, son til Ahikam, trudde dei ikkje.
15
Då sa Johanan, son til Kareah, i løynd til Gedalja i Mispa: «Lat meg gå og drepa Ismael, son til Netanja, utan at nokon får vita det. Kvifor skal han ta livet av deg, så alle judearane som har samla seg om deg, vert spreidde, og det som er att av Juda, går til grunne?»
16
Men Gedalja, son til Ahikam, sa til Johanan, son til Kareah: «Gjer ikkje det, for det er lygn, det du seier om Ismael.»
← Chapter 39
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 41 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52