bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 6
Jeremiah 6
Norwegian N 78 NN
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 7 →
1
Berga dykk, ¬Benjamins søner, kom dykk bort frå Jerusalem! Blås i horn i Tekoa, reis merkestong ¬på Bet-Hakkerem! For ei ulukke trugar frå nord, ei stor øydelegging.
2
Eg gjer ende på Sions dotter, den fine, bortskjemde kvinna.
3
Til henne skal gjætarar koma med saueflokkane sine. Dei slår opp telt ikring henne og kvar sitt stykke ¬beiter dei snautt.
4
«Lys heilag krig mot henne! Kom, lat oss gå til åtak ¬midt på dagen!» «Ve oss, det lid mot kveld, og skuggane lengjest.»
5
«Kom, lat oss gå til åtak i natt og øydeleggja borgene ¬i byen!»
6
Så seier Herren, Allhærs Gud: Fell tre og kast opp ein voll, Jerusalem skal kringsetjast. Byen skal krevjast ¬til rekneskap, han er full av vald og urett.
7
Som ei kjelde ¬lèt vatnet strøyma fram, lèt byen vondskapen strøyma. Der høyrer ein om vald ¬og ran, støtt ser eg liding og sår.
8
Jerusalem, ta lærdom av dette, elles vender eg meg frå deg og gjer deg til ei audn, til eit land der ingen kan bu.
9
Så seier Herren, Allhærs Gud: Hald ettersanking ¬som på eit vintre, hald ettersanking på ¬Israels rest! Gå endå ein gong ¬over rankene med handa lik ein som plukkar druer!
10
«Kven skal eg tala til og åtvara, så dei høyrer det? Øyro deira er uomskorne, dei kan ikkje høyra etter. Dei driv spott med Herrens ord og bryr seg ikkje om det.
11
Men eg er full ¬av Herrens harme, eg greier ikkje å halda han att.» Så aus han ut over borna ¬på gata og over heile ungdomsflokken! Både mann og kvinne ¬skal fangast, gamle menn og oldingar.
12
Husa deira skal koma ¬i annan manns eige, deira jorder og kvinner ¬like eins. For no retter eg ut mi hand mot dei som bur i landet, lyder ordet frå Herren.
13
For alle saman, små og store, søkjer urett vinning. Profetar og prestar ¬fer alle med svik.
14
Lettvint lækjer dei ¬skaden i mitt folk, når dei seier: «Fred, fred!» – og så er det ingen fred.
15
Dei skal verta til skammar, for stygge ting har dei gjort. Likevel skjemmest dei ikkje, og blygsle veit dei ikkje av. Difor skal dei falla som hine; på den tid eg krev dei ¬til rekneskap, skal dei stupa, seier Herren.
16
Så sa Herren: Stå på vegane og sjå! Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Ferdast på den, ¬så skal de finna kvile. Men dei svara: «Vi vil ikkje ferdast der.»
17
Eg sette vaktmenn over dykk ¬og sa: «Lyd etter når hornet ljomar!» Men dei svara: «Vi vil ikkje lyda.»
18
Høyr difor, de folkeslag, og merk dykk, de som er samla, det som skal henda ¬mellom dei!
19
Lyd etter, du jord! No fører eg ulukke ¬over dette folket, ei frukt av deira vonde tankar. For dei høyrde ikkje ¬på mine ord, og dei vanvørde mi lov.
20
Kva skal eg med røykjelse ¬frå Saba og dei beste krydder ¬frå land langt borte? Brennoffera dykkar ¬vil eg ikkje ha, slaktoffera har eg ikkje ¬hugnad i.
21
Difor seier Herren: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, så det fell; fedrar og søner skal missa livet, granne skal døy ¬saman med granne.
22
Så seier Herren: Det kjem eit folk ¬frå landet i nord, eit mektig folk tek ut frå utkanten av jorda.
23
Spyd og boge har dei i handa, harde er dei og sparer ingen. Larmen av dei ¬lyder som havdur, på hestar kjem dei ridande. Budde som stridsmenn fer dei mot deg, Sions dotter.
24
Då vi høyrde ryktet om dei, vart våre hender kraftlause. Vi vart gripne av angst og skalv ¬som ei fødande kvinne.
25
Gå ikkje ut på marka og ferdast ikkje på vegen! For fienden har sverd, rundt ikring rår redsle.
26
Bind syrgjeplagg om deg, ¬mitt folk, og velt deg i støvet! Hald syrgjehøgtid ¬med bitter klage som når einaste barnet døyr. For brått kjem herjaren ¬over dykk.
27
Eg har sett deg ¬til å prøva folket mitt lik ein som prøver gull; du skal kjenna ¬og prøva deira ferd.
28
Trassige opprørarar er dei alle, dei går rundt og baktalar folk; dei er som bronse og jern og ber seg vondt åt, alle saman.
29
Belgen blæs, men blyet er urørt av elden. Det nyttar ikkje å smelta, dei vonde vert ikkje utskilde.
30
Vraka sølv skal dei kallast, for Herren har vraka dei.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52